Kvinne til legevakt etter påkøyrsel

Syklist påkøyrd av personbil på Mannsverk i Bergen.

Syklist påkøyrd Mannsverk
Foto: NRK

Meldinga kom inn til politiet like etter klokka 15.00 laurdag.

– Det er ei kvinne på sykkel som er blitt påkøyrd av ein personbil. Skadeomfanget er ikkje kjent, men kvinna skal vera bevisst. Vi er på veg, fortel operasjonsleiar Morten Kronen til NRK.

Klokka 15.30 kan politiet fortelje at kvinna er sendt til legevakt for ein sjekk.

– Ho var først innom Haukeland. Ho er lettare skadd og vert tatt hand om av helsepersonell, fortel Kronen.

Politiet er på staden og snakkar med vitne og sjåføren av bilen. Det er oppretta sak.

– Ting kan tyde på at bilisten har brote vikeplikta.