NRK Meny
Normal

Mann alvorleg skadd etter sykkelvelt

Ein mann i femtiåra er sendt til Haukeland universitetssjukehus etter eit velt i sykkelrittet Bergen - Voss.

Tokagjelet

Det var like etter klokka 09.00 ved Tokagjelet på veg ned frå Kvamskogen mot Norheimsund at ulukka skjedde.

– Det var lege på staden etter få minuttar. Ifølgje legen var mannen vaken og stabil. Han vart frakta til sjukehus med luftambulanse, fortel leiar for sykkelrittet, Bo André Namtvedt til NRK.

Ulukka skjedde i ei sokalla "time out-sone", ei strekning der det ikkje er tidtaking for deltakarane.

Staden syklisten velta er det relativt bratt, med 400 meter ned til sjønivå og kring sju prosent helling, seier Namtvedt.


Siste video

Onsdag 16. august begynte flyttingen av den store flytedokken fra Laksevåg til Ågotnes.
Programleder: Mariann Reikerås