Hopp til innhold

Kvinneleg syklist (24) alvorleg skadd

Ein kvinneleg syklist er frakta til Haukeland med hovudskader etter å ha blit påkøyrt.

Like før klokka ni i dag fekk politiet melding om ei trafikkulukke i Minde Allé i Bergen.

Ei kvinne som kom syklande skal ha påkøyrt av ein bil, og kan ha fått hovudskader.

– Ho er frakta til Haukeland universitetssjukehus med ambulanse, fortel operasjonsleiar Erik Gjesdal i politiet.

Ulukka skal vere alvorleg, og den 24 år gamle kvinna skal ha skader i ansiktet.

– Mannen som køyrte bilen er fråtatt førarkortet. Det er ikkje mistanke om rus, fortel Gjesdal.

Haukeland universitetssjukehus skriv i ei pressemelding at tilstanden til kvinna er alvorleg.