Hopp til innhold

Syklist alvorleg skadd etter samanstøyt med bil

Ein syklist er sendt til Haukeland sjukehus etter ei ulukke mellom ein bil og ein sykkel på Lyngbø i Bergen.

Ulukke Laksevåg

ULUKKE: Ambulanse og politi kom raskt til staden etter at ein syklist vart påkøyrd like ved Shell-stasjonen på Lyngbø.

Foto: EIVIND PETTERSEN / NRK

Politiet fekk melding om ulukka klokka 14.02.

Samanstøyten skal ha skjedd ved Shell-stasjonen på Lyngbø, ikkje langt frå innkøyringa til Sjøkrigsskulen på Gravdal.

– Syklisten vart køyrd direkte til Haukeland, men me veit ikkje omfanget av skadane endå, seier Hans-Eirik Thue, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Klokka 14.40 opplyser politiet at syklisten, ein mann i 40-åra, ikkje er livstrugande skadd.

– Skadane er alvorlege, men ikkje livstrugande. Han er til behandling på akuttmottaket no, seier Thue.

Årsaka til ulukka veit politiet framleis ingenting om.

NRK oppdaterer saka.