– Skulle ønska nokon hadde fortalt meg kor lang kystline Noreg har - før turen

BERGEN (NRK): Etter 72 dagar på sykkelsetet, frå Kirkenes, kunne villmannen David Cornthwaite gå i land i dag.

David Cornthwaite på vannsykkel

SE VIDEO: 60 dagar lang ferd er over for David Cornthwaite.

– Eg innrømmer det. Eg skal ikkje klage når eg legg meg ned i ei hotellseng i kveld. Det er sikkert, seier Cornthwaite til NRK, like etter at han har kome seg i land ved Fisketorget i Bergen.

Ni veker har den britiske eventyraren brukt sidan han starta i Kirkenes 24. juli. Tysdag var heile Hurtigruta si rute gjennomført.

– Det er ei lang, lang kystline de har her i Noreg. Men det har vore utruleg. Eg gjer dette fordi eg likar utfordringar. Det har vore hardt innimellom, men det er eit fantastisk land de har her, seier han.

Var deprimert – starta vilt prosjekt

David Cornthwaite

– No skal eg kvile ei stund, sa David Cornthwaite då han steig iland i Bergen. Men det går nok ikkje lang tid før han er ute på nye eventyr.

Foto: Anette Berentsen / NRK

Den over 2000 kilometer lange sykkelturen til sjøs er verdsrekord. Men det bryr ikkje Cornthwaite seg så mykje om. Dette var tur nummer 14 i prosjektet «Expedition1000» der han skal gjennomføra 25 reiser på meir enn 1500 kilometer utan motoriserte køyretøy.

– Eg var lei av jobben, og deprimert. Ville gjera noko meir ut av livet, seier han.

Prosjektet har mellom anna gjort han til den første som sto på skateboard Storbritannia på tvers. Han har også verdas lengste rullebrett-tur bak seg på tvers av Australia og verdas lengste tur på SUP-brett, då han padla heile Mississippi-elva.

Turen langs norskekysten vil han likevel setje høgt.

– Kvar dag har eg møtt nye menneske som har komme bort til meg med båtane sine. Når det har vore tøft, så har nordmennene invitert meg inn på middag, og ein dusj. Det er noko eg ikkje opplever heime i storbyen (London). Der gløymer eg at verda verkeleg er ein god stad, og at menneska er gode. Eg gjer desse turane for å minne meg sjølv om det. Og då er det enkelt å fortsetja turen mot målet, seier han.

– Alt er mogleg!

Eventyraren fortel også om daglege møter med sel, delfinar og kvalar. Og ein god del stygt vêr og høge bølgjer på turen.

David Cornthwaite

Etter å ha snakka med folk frå Hurtigruten i fjor, blei sykkelturen frå Kirkenes til Bergen planlagt. Skipet brukar sju dagar på strekninga, David brukte 72 dagar.

Foto: davecornthwaite.com

– I løpet av ni veker blir det sjølvsagt stygt vêr. Sånn er det. Men det har vore fantastisk. Eg håpar alle kjem seg ut og opplever naturen. Det er viktig for å kjenne at ein er i live, meiner han.

– Då eg starta turen var det mange som sa det ikkje var mogleg. Men det var det. Alt er mogleg. Når ein har gjort det, smiler han.