Hopp til innhold

Deler rundkøyring i to for sykkelritt

Bryggen vert stengt, rundkøyringar må byggast om og fartsdumpar vert skorne vekk. Førebu deg på køar og stengde vegar når sykkelrittet Tour des Fjords kjem til Bergen.

Deler rundkjøring i Bergen

KAPPA I TO: Vegvesenet står bak den todelte rundkøyringa over trafikklokket på Minde. Grunnen er at syklistane kjem i høg fart frå Mindeveien og treng trygg passasje i retning Mindemyren.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Den fjerde utgåva av Tour des Fjords rullar inn på Bryggen i Bergen onsdag ettermiddag. Første etappe har start i Os og målgang i Bergen.

Osøyro, Søfteland, Kaland, Fanahammaren, Gullbotn, Trengereid, Arna, Salhus, Eidsvåg, Sandviken og Bergen sentrum vert påverka av rittet.

Det betyr stengde vegar og trafikkaos.

– Me er sjølv spente på korleis dette vil gå, vedgår politiførstebetjent Lars Reme ved trafikkseksjonen ved Bergen sentrum politistasjon.

tour des fjords

VM-LØYPA: Syklistane skal etter planen sykla over Bryggen rundt 16.30. Deretter går turen gjennom deler av det som skal vere VM-løypa neste år. Deler av sentrum vil difor vera stengt og ope med ujamne mellomrom.

Foto: TOUR DES FJORDS

Her blir det stengt

Slik vil sykkelrittet snu bergenstrafikken på hovudet:

  • Bryggen vil vera stengt frå onsdag 31. august klokka 09 til torsdag morgon.
  • Det er innført parkeringsforbod i Mindeveien, Landåssvingen og deler av Sollien heile onsdag 31. august.
  • Skyss reknar med store forseinkingar i kollektivtrafikken og ber reisande rekna god tid. Les meir her.
  • Politiet stenger trafikken langs traseen om lag ein halvtime før ryttarane passerer. Sjå passeringstidspunkta her. Løypekart finn du her.
  • Politiet varslar store trafikale problem i Bergen sentrum. Mellom klokka 16.30 og 18 syklar ryttarane i den såkalla VM-løypa i Bergen sentrum. Sjå kart av sentrumsløypa her (arrangøren si heimeside).
  • Rundkøyringa på trafikklokket på Minde er fresa ned. Syklistane skal passera gjennom rundkøyringa på si ferd frå Løborglien over Mindemyren.
  • Fartsdumpane på Bryggen er skorne vekk. Natt til torsdag vert dei asfalterte på nytt.
  • Sjå endringane for kollektivtrafikken i faktaboksen under
Tour Des Fjords 2015 i Bergen

HOVUDFELTET: Dei 144 syklistane skal gjennom to fylke og 23 kommunar. Tour des Fjords vert avslutta i Stavanger sundag. Biletet er frå Tour des Fjords-rittet i Bergen i fjor.

Foto: Tale Hauso / NRK

Fryktar korkar i sentrum

– Spesielt trafikkavviklinga rundt Kong Oskars gate og Olav Kyrres gate kan verta problematisk, med mykje kryssande trafikk, forklarer Reme.

Politiet fryktar trafikken vil hopa seg opp i sentrum før, under og etter stenging av sentrumsgatene. I tillegg vil politiet få si fulle hyre med å halda mjuke trafikantar vekke frå vegbanen.

– Det vil verta relativt store trafikkutfordringar viss ikkje trafikantane får informasjonen med seg. Bilistar må helst unngå å køyra bil i sentrum i tidsrommet rittet går føre seg, seier Reme.

Sykkel-NM i Bergen 2012

SENTRAL: Bryggen i Bergen får ei sentral rolle både under Tour des Fjords-rittet denne veka og under sykkel-VM neste år. Bryggen vil vera stengt frå onsdag morgon til torsdag morgon. Biletet er frå sykkel-NM i 2012.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Det er litt meir enn eit år til sykkel-VM i Bergen. Difor vert årets Tour des Fjords den store generalprøven.

– Me får meir jobb no enn det blir under sykkel-VM. Då vil store deler av traseen vera avsperra. Det er den ikkje no, seier Reme.

Mest omfattande politiet har vore med på

Trafikkavviklinga i samband med sykkelrittet vert den mest omfattande bergenspolitiet har vore med på.

Politipatruljar har ansvaret for å stenga sidegater, rydda vegar og hindra møtande trafikk.

– Politiet har ikkje tidlegare gjennomført denne typen trafikkstengingar, med stengde sentrumsvegar i opp mot to timar, seier Reme.

Barbert rundkjøring

Syklistane skal passera rundkøyringa på Fjøsangerveien ved Minde. Etter nedkøyringa gjennom Mindeveien syklar dei gjennom den nyleg asfalterte rundkøyringa.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Vegvesenet står bak den mellombels asfalterte rundkøyringa over trafikklokket på Minde. Grunnen er at syklistane trygt skal kunna koma seg over Fjøsangerveien.

Vegvesenet oppmodar bilistar å følgja med på trafikktavler og på nettstaden til Bergen kommune og Tour des Fjords.