Hopp til innhold

Her kan det bli kaos på vegane

Vegtrafikksentralen ber deg reisa i god tid dersom du skal ut på vegane torsdag og fredag. – Me veit ikkje heilt korleis dette vil gå.

E16 stengt under Tour des Fjords

TOUR DES FJORDS: Sykkelrittet Tour des Fjords skapar krøll i trafikken dei seks dagane rittet pågår på Vestlandet. Torsdag kjem turen til Hordaland.

Foto: Ingvild Fjellveit / NRK

Sykkeleliten kryssar fylkesgrensa når andre etappe av Pro Tour-rittet Tour des Fjords startar i Brekke og trillar i mål i Hardanger torsdag ettermiddag.

Sjølv om ryttarane ikkje er venta over fylkesgrensa før utpå ettermiddag, har trafikkutfordringane i Hordaland allereie starta.

– Folk må rekna god tid og vera budde på køar, seier trafikkoperatør Jan Marøy i Vegtrafikksentralen.

Fleire stengde vegar

Rittet går frå Brekke i Gulen vidare til Romarheim og via Modalen, Dale og Vaksdal til Trengereid. Deretter går turen gjennom Samnanger, over Kvamskogen og til Kvam. Etter å ha passert Norheimsund og Øystese syklar ryttarane til Fyksesund, før dei returnerer til målgang ved Steinsdalsfossen.

Stengte veier før Tour des Fjords

OMKØYRING: Statens vegvesen oppmodar bilistar til å halda seg vekke frå dei mest utsette strekningane under sykkelrittet.

Foto: Ingvild Fjelltveit / NRK

Marøy trur dei mest kritiske strekningane blir E39 mellom Brekke og Romarheim og strekninga mellom Dale og Trengereid. E39 vil vera stengd i nesten ein time midt på dagen, medan rittarrangøren åtvarar mot at E16 kan bli stengd mellom 14.30 og 16.30.

Trafikkoperatøren er likevel ikkje uroa for at trafikken på hovudinnfartsåra til Bergen vil stå i stampe.

– Me reknar ikkje med at E16 blir stengd så lenge. Distansen tek ein halvtime med bil, og dei syklar jo som «gamle-Erik» desse syklistane.

Tour des Fjords etappe Brekke-Norheimsund, 2017

KRØLL: Fylkesveg 7 mellom Trengereid og Kvam er mest utsett for trafikkaos torsdag. Her skal syklistane køyra ein ekstra runde, før dei køyrer i mål ved Steinsdalsfossen i Norheimsund.

Foto: Tour des Fjords

Opp mot to timar ventetid

Har du tenkt deg over fylkesveg 7 mellom Trengereid og Norheimsund, risikerer du å måtte venta lenge. Vegen kan bli stengt ved Steinsdalsfossen i periodar på opp mot to og ein halv time i tidsrommet 08 til 22. Rigigng av målområde og klargjering av løypa er årsaka.

– Me oppmodar bilistar som skal mellom Hardanger og bergensområdet om å køyra via Tysse og Mundheim. Elles håpar me folk viser omsyn og føl dei instruksane løypemannskapa gir, seier Marøy.

På fylkesveg 569 mellom Romarheim og Dale blir vegen stengd for all trafikk minst ein time før syklistane kjem. Deretter vil E16 stengast i god tid før syklistane er venta.

Edvald Boasson Hagen

FAVORITT: Edvald Boasson-Hagen er favoritt til å vinna seksdagarsrittet samanlagt.

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

– Følg med på meldingar

Vegvesenet vil oppdatera sine trafikkmeldingar, medan Tour des Fjords på sine sider gir detaljkunnskap om stengetid og tid for når syklistane er venta å koma.

E39 blir stengt klokka halv eitt. Ein liten time seinare er det venta at det 120 mann store feltet rullar over fylkesgrensa og inn i Hordaland. Europavegar og fylkesvegar blir stengd i tur og orden.

Marøy ber trafikantar halda seg oppdatert på nettsider og informasjonstavler.

– Det som talar imot trafikkaos er at trafikantar får køyra kort tid etter at syklistane har passert. Det er også såpass kort stengetid på dei store hovudvegane, at me trur dette skal gå bra, seier Marøy.

– Me får enkelte telefonar frå folk som lurar på korleis dette vil gå, men me veit det sanneleg ikkje heilt sjølve.