Sykkelpresidenten beklagar

Sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen utelukkar ikkje konkurs når det onsdag er styremøtet i Bergen 2017 AS, skriv BT. Selskapet er i alvorlege økonomiske vanskar, og 80 kreditorar har pengar uteståande hjå VM-arrangørane. – Eg beklagar den situasjonen vi er komne i. Det var tidenes VM – noko de fleste er samde om. Det er veldig synd dersom det økonomiske skal øydeleggje for ettermælet, seier Hansen til avisa.

Harald Tiedemann Hansen
Foto: Even Norheim Johansen