NRK Meny
Normal

Sykkel-VM: Her er alt du treng å vita

BERGEN (NRK): Nye skilt, stengde vegar og 44 kilometer med gjerde. Slik blir VM-byen sett på prøve.

SYKKEL-VM BERGEN 2017

VM-FEST: Sykkel-VM har inntatt byen. Det betyr folkefest og store utfordringer i trafikken.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Sykkel-VM har allereie sett kraftig preg på Bergen. Frå dei første stengde gatene torsdagen før opningshelga, til proppfullt sentrum under opningsseremonien og til den første store folkefesten under lagtempoen.

I denne saka har NRK samla all informasjon du treng om løyper, trafikk, kollektiv-avvikling og alt anna rundt verdsmeisterskapen.

Sjå høgdepunkta så langt:

Byen låst ned frå 14. september

Allereie torsdag blei Noregs mest travle bussgate, Christies gate ved Festplassen, heilt lukka, noko som fører til massiv omlegging av både kollektivtrafikk og køyremønster.

Overgangen til ny trafikkvardag gjekk ikkje heilt knirkefritt torsdag. Svært mange brydde seg ikkje om at privatbilar (også elbilar) under sykkel-VM berre får køyra i venstre felt på E39 nord og sør for Bergen.

– Det var like mange i det ulovlege som i det lovlege feltet, seier Tore Tysse på Vegtrafikksentralen.

Her er all info du trenger

I over eit år har arrangørane av sykkel-VM forsøkt å informera Bergens befolkning om ringverknadene av eitt dei største idrettsarrangementa som har blitt lagt til ein norsk by.

NRK gir deg oversikta over alt du treng vita før sykkel-VM startar.

Rigger Bergen for sykkel-VM
Foto: Per Christian Magnus / NRK

Trafikk og stengde vegar

På Bergen kommune sitt interaktive kart kan du sjå kva gater og bydelar som blir påverka av VM-arrangementet frå dag til dag.

Arrangørane av sykkel-VM oppmodar innbyggarar og tilreisande til å la bilen stå under sykkel-VM 16.–24. september.

Mellom klokka 08.30 og 19 vil løypetraseane i Bergen vere stengd for vanleg trafikk. Bergen sentrum vert steng for gjennomkøyring heile døgeret.

Stengetidene vil variere noko frå dag til dag, og ei oppdatert oversikt finn du på arrangøren sine heimesider.

Deler rundkjøring i Bergen

TVERS GJENNOM E39: Syklistane skal sykla over trafikklokket på E39 ved Minde elleve gongar under fellesstarten søndag 23. september. Frå og med torsdag vil trafikken for bilistar bli avgrensa gjennom denne rundkøyringa.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Frå torsdag 14. september til tysdag 26. september:

  • Christies gate er stengd frå 14. september klokka 05.00 til 26. september klokka 06.00.
  • På E39 strekning Fjøsanger–Åsane, begge retningar, vert det redusert kapasitet for vanleg biltrafikk. På delar av strekninga vert eit av køyrefelta reservert for buss og taxi. Elbil kan ikkje nytta bussfelta.

Frå laurdag 16. september til søndag 24. september:

  • Småstrandgaten, Torgallmenningen, Ole Bullsplass, Torget, Bryggen og Lars Hilles gate mellom Strømgaten og Christies gate vert stengd natt til 16. september.
  • E39 Nygårdstangen: Avkøyrsel til sentrum og avkøyrsel mot vest og Nøstet er stengt kl. 08.30-19.00.
  • Løvstakktunnelen og Damsgårdstunnelen stengt kl. 08.30-19.00 (unntatt søndag 17. september).
  • Puddefjordsbroen er stengt kl. 08.30-19.00 (unntatt søndag 17. september).

Askøy vert direkte råka 16. og 17. september, medan Sotra og Øygarden vert direkte råka 23. og 24. september.

Sjå Bergen 2017 sine nettsider og Statens vegvesen si samleside for fullstendig oversikt over stengde vegar under VM.

Kollektivtrafikk

Frå og med laurdag vil fleire busshaldeplassar ikkje vere i bruk på dagtid, det vil seie mellom klokka 8.30 og 19.

Endringane i kollektivtrafikken startar allereie torsdag morgon klokka 05. Då stenger Christies gate i Bergen, og dei hundrevis av bussane som vanlegvis stoppar der vert flytta til Bergen busstasjon.

Buss og bybane i Bergen

STOPP: Bybanen vil frå og med torsdag ha sitt endestopp på Nonneseter terminal. Det siste strekket til Byparken vil vera stengd. Under VM vil det gå færre bussar forbi her.

Foto: Atle Markeng / NRK

– Alle bussruter inn og ut av Bergen sentrum vert lagde om, og vil gå til Bergen busstasjon. Utanom stengeperioden er delar av sentrum ope, og enkelte bussar vil køyre gjennom Olav Kyrres gate, seier Ingrid Dreyer i Skyss.

Det betyr mange endringar og store variasjonar i busstilbodet.

– Vi oppmodar reisande til å undersøke reiseruta på førehand, og bruke reiseplanleggaren vår for å finne forslag til kva bussar og baner ein kan reise med. Vi har også sett inn 32 ekstrabussar, seier Dreyer.

Her finn du Skyss sitt trasékart over endringane i kollektivtrafikken under VM.

– Vi oppbemannar under meisterskapen, og har rettleiarar ute på busstasjonen og i Christies Gate. Ein kan også ringe 177 for å få hjelp til reiseplanlegging, seier Dreyer.

  • For Bybanen vert første haldeplass for påstiging Bystasjonen, og siste haldeplass for avstiging Nonneseter gjennom heile perioden 14.–25. september.
  • NSB set inn ekstra avgangar mellom Voss–Arna–Bergen. Til saman vert det over 47.500 ekstra seter i løpet av VM. All informasjon om reisa og billettar finn ein hos NSB.
  • Fløibanen går som normalt kvar dag under VM, utanom onsdag 20. september. Her finn ein meir info om rutetidene.

Parkering og tilkomst

Alle bilar som står parkerte i løypetraseen må fjernast. Det er sett opp forbodsskilt i alle dei råka gatene. Onsdag delte parkeringsselskapa ut bøter til fleire bilistar som ikkje hadde fylgt anvisingane Bergen kommune sende ut tidlegare denne veka. Forbodet gjeld heile døgnet.

Bøter i samband med rigging til sykkel-VM i Bergen

BØTELAGD: Fleire bilistar blei bøtelagd då mannskap starta på riggejobben onsdag.

Foto: Tore Oksnes / Bring

Frå måndag 11. september er det parkeringsforbod her:

  • Løbergsveien
  • Mindeveien
  • Bøhmergaten
  • Vikens gate
  • Michael Krohns gate
  • Hagerups veg
  • Søndre Blekevei
  • Skanselien
  • Skansebakken
  • Skansemyrsveien
  • Nye Sandviksveien

Frå torsdag 14. september er det parkeringsforbod her:

  • Fageråsveien
  • Landåslien
  • Landåssvingen
  • Sollien

Kommunen har sett opp alternativ parkering for bebuarar som bur langs sykkeltraseen. Framleis arbeider kommunen med ein detaljert plan for nokre av områda.

Også tilkomst til skular og barnehagar blir sterkt påverka. Rektorar og barnehagestyrarar ber foreldre visa tolmod og bruka beina når dei skal henta og bringa borna i barnehagen. Sjå kart og oversikt over kva barnehagar og skular som blir påverka.

Småbåthamna i Vågen vert stengd und under arrangementet. Alternativ småbåthamn er på Marineholmen i Puddefjorden.

Sikkerheit og beredskap

Både lokale og nasjonale styresmakter har jobba i fleire månader for å sikra at alle sikkerheitsrutinar er fylgde og på plass i god tid før arrangementet.

Politioverbetjent og prosjektleiar Kjetil Øyri ber også publikum om å følga med. Prosjektleiaren seier politiet er avhengig av publikum for at tryggleiken rundt sykkel-VM skal vera sikker nok.

– Me er avhengig av auge og øyre der ute til å følgja med. Viss publikum reagerer på mistenkeleg oppførsel, ønskjer me sjølvsagt at dei varslar oss.

Kjetil Øyri

PÅ VAKT: Prosjektleiar for politiet sine innsatsstyrkar under sykkel-VM, Kjetil Øyri, har bedt publikum halda auge og øyre opne under arrangementet.

Foto: Johanna Magdalena Husebye / NRK

Over 400 polititenestemenn frå andre distrikt er kalla inn for å ta unna den høge turiststraumen som er venta til byen. Onsdag kveld er mange av dei ekstra innbeordra politifolka på plass i Bergen.

Helse Bergen har gjort tiltak for å sikra ein mest mogleg smidig avvikling medan arrangementet går føre seg. Naudetatane er sikra tilkomst til alle område under verdsmeisterskapen, mellom anna ved at hjelp av alternative innkomstvegar for ambulansetrafikk inn og ut av Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale Sykehus.

Dei to sjukehusa er elles lite tilgjengeleg for privatbilar. Helse Bergen og Haraldsplass har meir informasjon om situasjonen under VM på sine nettsider.

Ambulansebro ved Haraldsplass

NY BRU: Brua som skal sikra ambulansane framkomst, er sett opp i enden av Bjørndalen like ved Haraldsplass. Monteringa har ein prislapp på 700.000 kroner.

Foto: Cato Kristensen / NRK

Ved Flesland lufthamn er det innført grensekontroll for alle internasjonale flygingar. Grensekontrollen er også gjeldande for passasjerar som kjem til Bergen med båt.

Som eit ekstra sikkerheitstiltak må også alle hotellpassasjerar som sjekkar inn under VM-vekene, visa fram identifikasjon.

Løypa

Sykkel-VM vil starta med lagtempo for profflag for kvinner og menn den første helga. Starten på ritta er lagt til øykommunen Askøy rett vest for Bergen.

Under avslutningshelga av VM blir det fellesstart frå Øygarden lenger nord i havgapet.

Fellesstart trasé sykkel-VM i bergen

RUNDLØYPA: Under fellesstarten for kvinner og menn skal denne 19,1 kilometer lange sentrumsløypa forserast fleire gongar.

Foto: Bergen 2017

Dei individuelle temporitta og fellesstart-rundløypa vil alle føregå i hjarta av Bergen. Rundløypa i Bergen er 19,1 kilometer lang og skal køyrast gjennom 11 gongar under den avsluttande fellesstarten for menn siste dag av VM-arrangementet. Publikum kan følga rittet langs størsteparten av traseen.

  • Fullstendig oversikt over løypeprofilen og dei ulike traséane finn du her.

Mål for alle ritta er lagt til Festplassen, med seremoni og medaljefest på Torgallmenningen etter målgang. Under VM blir det servert underhaldning med konsertar frå scena og større og mindre arrangement i bykjernen. Litt av kulturprogrammet kan du lesa meir om her.

Rundt løypa er det lagt opp til fleire «fansoner» tilrettelagd for publikum. Bergen kommune skal også setja opp over 100 provisoriske toalett i sentrum, for å hindre at publikum skal urinere i hagane til naboar langs løypene.

Helge Stormoen

KLAR: Arrangementssjef i Bergen 2017, Helge Stormoen.

Foto: Johanna Magdalena Husebye

– Alt ligg til rette for at dette vert ein folkefest, og vi oppmodar alle om å nytte sjansen til å bli med, seier arrangementssjef Helge Stormoen.

Og om du lurar på korleis vêrmeldingane før VM-avviklinga tek til, ser det ifølge Yr.no svært lovande ut.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.