Laurdag kveld var det duka for ein spektakulært opningsseremoni i Bergen, då den formelle opninga av UCI 2017 Road World Championships blei gjort med brask og bram.
– Eg erklærerer herved VM i landsveissykling for opna, sa UCI president Brian Cookson til dei om lag 7.500 publikummarane på Torgallmenningen.
- Skaff deg oversikt:
– Stort for Noreg
Etter fleire år med planlegging går verdsmeisterskapen i sykkel endeleg av stabelen sundag. Laurdag var det tid for ein siste runde med sjølvskryt før alvoret byrjar.
– Eg er stolt over å få visa fram byen i dette vêret, seier Bergen-ordførar Marte Mjøs Persen (Ap).
Kulturminister Linda Hofstad Helleland, visepresident i World Anti-Doping Agency, uttrykte glede for at Noreg kan vera vert for VM.
– 1000 kilometer med sykkelritt. Me har noko å gle oss til dei neste dagane, sa ho frå scena.
Sydlandsk i regnbyen
For VM-feiringa i Bergen er så mykje meir enn berre to hjul, sveitte hjelmar og sykkelkjede. Dei siste dagane har byen blitt fylt opp med turistar som vil få med seg arrangementet.
– Det er verkeleg herleg med det flotte vêret, seier Guttorm Oppdal, ein av mange tusen som har møtt fram i finvêret laurdag.
Torgallmenningen var laurdag ettermiddag proppfull med VM-klare bergensarar og tilreisande. I ein herleg kompott av Helge Jordal, bogekorps, Lars Vaular og sjølve vêret, var det sydlandske tilstandar i Bergen sentrum.
På scena stod også Fargespill, Ni grader nord og Yvonne Nordvik Sivertsen og Edvard Tronstad, som framførte VM-låten «Someone at the finish line».
Det var også plass til Bergens avdøde byoriginal, Otto «Ottoen» Fredrik Wollertsen, i opningsseremonien. Ein eldre kar med lut rygg, lue og fargerik sykkel kom trillande ut på scenen til minne om den folkekjære syklisten – til begeistra jubel frå folkehavet.
- Les også:
Arrangøren: – No er me klare
Arrangementssjef Helge Stormoen er stornøgd med opningsseremonien og det Bergen 2017 fekk vist fram på scena.
– Det har vore ein fantastisk dag på alle måtar, både sportsleg og kulturelt. Eg meiner me har laga ein produksjon som gjer alle nøgde. Innslaga viser spennvidda me har i denne byen, seier Stormoen.
Han tør ikkje anslå kor mange tusen som møtte på Torgallmenningen i solskinet, men stolar på politiet sitt estimat på 7.500.
– På ein dag som denne, med eit utearrangement, så krever det nesten godt vêr. At me går inn i eit meisterskap med ei sånn ramme, gjer oss svært optimistiske før ritta står for tur til veka
- Les også: