NRK Meny
Normal

Sykkel-VM offisielt opna – proppfullt i Bergen sentrum

BERGEN (NRK): Opningsseremonien på Festplassen sparkar i gang ei VM-helg bada i finvêr.

Gå til forsiden

Opningsseremoni under sykkel-VM i Bergen

Åpningsseremonien under sykkel-VM

Opningsseremoni under sykkel-VM i Bergen

9 bilder

SMEKKFULLT: Det er venta fleire tusen tilskodarar i finvêret under opningsseremonien.

    Laurdag kveld var det duka for ein spektakulært opningsseremoni i Bergen, då den formelle opninga av UCI 2017 Road World Championships blei gjort med brask og bram.

    – Eg erklærerer herved VM i landsveissykling for opna, sa UCI president Brian Cookson til dei om lag 7.500 publikummarane på Torgallmenningen.

    – Stort for Noreg

    Etter fleire år med planlegging går verdsmeisterskapen i sykkel endeleg av stabelen sundag. Laurdag var det tid for ein siste runde med sjølvskryt før alvoret byrjar.

    – Eg er stolt over å få visa fram byen i dette vêret, seier Bergen-ordførar Marte Mjøs Persen (Ap).

    Åpningsseremonien under sykkel-VM

    SMEKKFULLT: Det er venta fleire tusen tilskodarar i finvêret under opningsseremonien.

    Foto: Elise Farestveit / NRK

    Kulturminister Linda Hofstad Helleland, visepresident i World Anti-Doping Agency, uttrykte glede for at Noreg kan vera vert for VM.

    – 1000 kilometer med sykkelritt. Me har noko å gle oss til dei neste dagane, sa ho frå scena.

    Sydlandsk i regnbyen

    For VM-feiringa i Bergen er så mykje meir enn berre to hjul, sveitte hjelmar og sykkelkjede. Dei siste dagane har byen blitt fylt opp med turistar som vil få med seg arrangementet.

    Guttorm Oppdal under åpningsseremonien for sykkel-VM

    ENTUSIAST: Guttorm Oppdal er ein sykkeletusiast. Gleda blir ikkje mindre av at VM skal arrangerast i Bergen.

    Foto: Elise Farestveit / NRK

    – Det er verkeleg herleg med det flotte vêret, seier Guttorm Oppdal, ein av mange tusen som har møtt fram i finvêret laurdag.

    Torgallmenningen var laurdag ettermiddag proppfull med VM-klare bergensarar og tilreisande. I ein herleg kompott av Helge Jordal, bogekorps, Lars Vaular og sjølve vêret, var det sydlandske tilstandar i Bergen sentrum.

    På scena stod også Fargespill, Ni grader nord og Yvonne Nordvik Sivertsen og Edvard Tronstad, som framførte VM-låten «Someone at the finish line».

    Ottoen på scenen under åpningsseremonien

    OTTOEN: Publikum fekk eit gjensyn bykarakteren Otto «Ottoen» Fredrik Wollertsen, som blei minnast med eit innslag på scena.

    Foto: Elise Farestveit / NRK

    Det var også plass til Bergens avdøde byoriginal, Otto «Ottoen» Fredrik Wollertsen, i opningsseremonien. Ein eldre kar med lut rygg, lue og fargerik sykkel kom trillande ut på scenen til minne om den folkekjære syklisten – til begeistra jubel frå folkehavet.

    Arrangøren: – No er me klare

    Arrangementssjef Helge Stormoen er stornøgd med opningsseremonien og det Bergen 2017 fekk vist fram på scena.

    – Det har vore ein fantastisk dag på alle måtar, både sportsleg og kulturelt. Eg meiner me har laga ein produksjon som gjer alle nøgde. Innslaga viser spennvidda me har i denne byen, seier Stormoen.

    Helge Stormoen i Bergen 2017

    BLID: Arrangementansvarleg for Bergen 2017, Helge Stormoen.

    Foto: Mette Anthun / NRK

    Han tør ikkje anslå kor mange tusen som møtte på Torgallmenningen i solskinet, men stolar på politiet sitt estimat på 7.500.

    – På ein dag som denne, med eit utearrangement, så krever det nesten godt vêr. At me går inn i eit meisterskap med ei sånn ramme, gjer oss svært optimistiske før ritta står for tur til veka

    Siste video

    Vegvesenet rydder på rasstedet på riksvei 13 i Odda, der to biler ble truffet av et steinras.