Hopp til innhold

Sykkel-VM med bønn til frivillige i tolvte time: «Ver så snill og hjelp oss»

Mindre enn 48 timar før den offisielle opninga ber arrangøren på sine kne for å få Bergen klar til VM.

Rigging av gjerder før sykkel-VM i Bergen

37 LASTEBILAR: 44 kilometer med sperregjerder skal plasserast rundt løypa. Arbeidet har gått føre seg heile denne veka, men torsdag kveld etterlyser arrangøren fleire folk.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Ver så snill! Kom og hjelp oss i morgon, lyder beskjeden frå arrangementsansvarleg Helge Stormoen i Bergen 2017.

VM-arrangøren har dei siste dagane og nettene sendt hundrevis av frivillige ut i byens gater for å rigga til sykkelløp. Heile 44 kilometer med sperregjerder er på plass i Bergen, for å passa på tryggleiken til verdsstjernene under treningsøkter og konkurranse og for å forhindra situasjonar som oppstod under generalprøven under Tour des Fjords i fjor.

– Meir omfattande enn me såg for oss

Fredag morgon startar siste dugnadsrunde. Eit knapt døgn før opningsseremonien på Festplassen i Bergen, er det framleis store hol i dei lange kilometerrekkene med gjerde.

Rigging før sykkel-VM i Bergen

FRIVILLIGE: Utplassering av sperregjerder har i stor grad basert seg på frivillige. No håpar Bergen 2017 at fleire steppar inn fredag morgon.

Foto: NRK

– Det å gjerda inn byen har vore ein meir omfattande jobb enn det me såg føre oss.

Ifølgje Stormoen er det rundt fem kilometer i Bergen sentrum som enno ikkje er gjerda inn. Målet var at denne delen skulle ha vore ferdig inngjerda natt til torsdag, men arbeidet har rett og slett tatt lenger tid enn venta.

– Det står att omlag fem kilometer frå Festplassen og til Stadsporten. Eg har rett og slett ei oppfordring til alle som sit heime: Hjelp oss! Frå klokka 08 er me på Festplassen og tek mot all hjelpa me kan få. Jo fleire som kjem, desto raskare går det, nærast tryglar arrangementssjefen før det største sportsarrangementet på norsk jord sidan OL på Lillehammer.

Helge Stormoen i Bergen 2017

KONTROLL: Arrangementssjef i Bergen 2017, Helge Stormoen, meiner arrangøren har kontroll to dagar før VM-opninga. Likevel manar han til massedugnad heilt i innspurten.

Foto: Mette Anthun / NRK

Vil vurdera å kalla inn Sjøkrigsskulen

Stormoen anslår at han treng rundt 100 frivillige som kan koma på kort varsel i morgon. Han presiserer at ingen frivillige har trekt seg, men understrekar at ekstrainnkallinga kjem fordi jobben har vist seg å vera større enn arrangøren har planlagt for.

  • Les også:

– Me gjerdar inn meir enn det som er normalt, og difor ser me at behovet har tvunge seg fram.

Dersom arrangøren ikkje får nok frivillige, kan det bli aktuelt å kalla inn elevar ved Sjøkrigsskolen for å bidra med rigginga.

Fryktar du at det kjem andre uføresette utfordringar tett på fristen?

– Nei, me har førebudd oss godt og er elles godt i rute. Men det er ein stor produksjon og det skjer mykje time for time. I dette tilfellet er me nøydde til å snu oss rundt og be om hjelp.