Hopp til innhold

Sykkel-VM håpa på Kygo og Alan Walker – står utan internasjonale artistar

Ingen av Bergens internasjonale stjerner vil spela under sykkel-VM. – Programmet er skuffande, meiner BTs kulturredaktør.

Ausekarane og Kygo

AUSEKARANE OG KYGO: Sykkel-VM hadde håpa at både revybandet Ausekarane og stjerneartisten Kygo skulle stå på scenen under sykkel-VM. Slik blir det ikkje.

Foto: Promo / NRK

Éin månad før sykkel-VM går av stabelen i Bergen, blei det endelege kulturprogrammet presentert onsdag. Blant artistane er mellom andre Ove Thue, Razika, Miss Tati og Ausekarane.

– Me er nøgde med at me har fått på plass eit rikhaldig kulturprogram, som både viser breidda og ikkje minst spissen innanfor det kulturlivet me har på Vestlandet, seier marknadssjef for Bergen 2017, Helge Stormoen.

– Provinsielt og «erkebergensk»

Men andre er mindre nøgde med det VM-arrangøren har fått til.

Byens meir internasjonalt kjende artistar, som Kygo, Alan Walker, Aurora og pianist Leif Ove Andsnes – glimrar med sitt fråvêr.

– Det er openbart at desse manglar. Det er ein liten fare for at kulturprogrammet no blir oppfatta som litt provinsielt og «erkebergensk», seier kulturredaktør i Bergens Tidende, Frode Bjerkestrand.

Frode Bjerkestrand, kulturredaktør i BT

KRITISK: Kulturredaktør i Bergens Tidende Frode Bjerkestrand meiner Bergen 2017 burde ha fått på plass internasjonale artistar til

Foto: Vegar Valde / BT

Då Stormoen presenterte første utkast av kulturprogrammet i slutten av juni, understreka han at arrangørane jobba med fleire kandidatar, mellom anna hadde arrangøren på det næraste spikra eit internasjonalt namn.

– Arrangøren har skapa forventingar om større internasjonale namn sjølve, så sånn sett er det litt skuffande at ingen av dei nemnde står på plakaten, seier BT-redaktøren

Tar sjølvkritikk

I juni skreiv BT at Alan Walker mest truleg var den internasjonale artisten arrangøren jobba med. Overfor NRK avslører Stormoen at dei hadde samtalar med managementet til Kygo, men at det ikkje let seg gjennomføra å få artisten på scena i september.

– Eg kan vera einig i at rosina i pølsa forsvann ut då det viste seg at Kygo hadde eit anna program. Det gjorde det utfordrande for oss med tanke på å få det internasjonale snittet over artistane. Men for oss som ein liten organisasjon med smalt budsjett, må me setja tæring etter næring, seier Stormoen.

Helge Stormoen

MARKNADSSJEF: Helge Stormoen er marknadssjef for Bergen 2017. Han vedgår at dei hadde håp om å få ein meir internasjonalt etablert artist til Bergen i september.

Foto: Johanna Magdalena Husebye

Løyvde 2,5 millionar kroner – er skuffa

Bergen2017 og samarbeidspartnarane Kulturoperatørene og Unison hadde åtte millionar kroner på lomma for å laga eit best mogleg kulturprogram.

Hordaland fylkeskommune stod for 2,5 av millionane. I utvalspapira til kulturutvalet blei namn som Kygo og Röyksopp nemnd som artistar dei håpa arrangøren kunne kapra, for å skapa blest rundt noko av dei internasjonale artistane regionen har fostra.

Etter å ha fått med seg dei største namna på programmet, må utvalsleiar Beate Husa vedgå at ho er skuffa.

– Eg vil understreka at eg har stro tru på at det blir ein folkefest med dei artistane som no er klare, men det hadde vore ønskeleg med i alle fall éin større internasjonal artist. Så tydeleg må eg vera, seier Husa.

Beate Husa

LITT SKUFFA: Beate Husa er leiar for kulturutvalet i Hordaland fylkeskommune. Ho er skuffa over kulturprogrammet ho var med å løyva 2,5 millionar kroner til.

Foto: Kristelig Folkeparti

For seint ute

Både Husa og Bjerkestrand meiner Bergen 2017 må ta kritikk for at dei har vore for seine med å booka artistar.

– Dette er Bergen sin historiske sjanse til å skina, også kulturelt. Då hadde eg større forventingar til at programmet i alle fall skulle innehalda tre-fire større internasjonale artistar som kunne løfta dette eit hakk eller tre, seier kulturredaktøren.

  • Dette er artistane som skal opptre under sykkel-VM:

    • Razika
    • Real Ones
    • Miss Tati
    • Ausekarane
    • Jan Eggum og Oslo Strings
    • Sigrid Moldestad
    • Sjøforsvarets musikkorps
    • Mari Eriksmoen
    • Dårlig Vane
    • Boy Pablo
    • Ephemera
    • Ove Thue
    • Serlina
    • Eirik Søfteland
    • Myrna Braza
    • Christine Sandtorv
    • To nye band blir slept 1. september.