NRK Meny
Normal

Sykkel-suksess i Bergen trass i regntung sommar

Åtte veker etter at Bergen installerte bysyklar i bykjernen, er det registrert over 60.000 turar. – Folk seier dei blir mindre våte.

Sykkelpendler

SYKKELBRUKAR: Ove Vikne er ein av dei som har teke i bruk bysyklane.

Foto: Mette Anthun / NRK

– Det er veldig praktisk fram og tilbake frå jobb. Eg parkerer bilen i parkeringshuset og kjem kjappare på jobb om morgonen, seier nyfrelst sykkelpendlar Ove Vikne.

I juni opna den nye bysykkelordninga i Bergen. Kommunen har i lang tid ynskt å få etablert ei permanent sykkelordning, men enn så lenge er det ei mellombels ordning bergensarane får testa ut til og med oktober.

Åtte veker ut i anlegget si historie konstaterer prosjektkoordinator Lin-Christin Berentzen at sykkelen har fått ein ny vår i Bergen.

Det er fredag morgon registrert 62.487 bysykkelturar i Bergen i 2017, der det høgaste talet på turar for ein enkelt dag har vore på 1.931. Sjølv om talet er lite samanlikna med Oslo, som har 20.207 som høgdepunkt og 1,6 millionar turar gjennom heile sesongen, er bysykkelgruppa i Bergen nøgd.

– Det er helt fabelaktige tal. Vi er veldig fornøgde, seier Berentzen.

Ho peiker på at det har vore ein sommar som har minna meir om haust.

– Folk seier at dei kjem seg kjappare fram også når det regnar, og at dei blir mindre våt.

Lin-Christin Berentzen

NØGD: Prosjektkoordinator for Bergen bysykkel Lin-Christin Berentzen er nøgd med talet på brukarar.

Foto: Mette Anthun / NRK

Takkar regnet for at dei har nok syklar

Så populært har tilbodet vore, ifølgje Berentzen, at om færre lågtrykk hadde teke turen frå Nordsjøen, ville det ikkje ha vore nok syklar til alle.

Når eit stativ blir fullt eller tømt for syklar, blir syklane som er «til overs» fordelte.

– På dagar med høge temperaturar og fint vær, er kapasiteten sprengt.

Berentzen forklarar sykkelsuksessen med god tilgjengelegheit og ein brukarvennleg app.

– Mange har i tillegg vore bortreist, så eg trur me berre så vidt har sett byrjinga.

Bysykler i Bergen

BYSYKKEL: Totalt har Bergen 30 sykkelstasjonar. Her frå Bystasjonen i Bergen.

Foto: Mette Anthun / NRK

– No startar sesongen

Ein kan berre køyra i 45 minutt av gongen, og får sesongkort for 249 kroner. Ein kan også kjøpa dagskort eller enkelttur.

Snittbrukartida per tur ligg på rundt 7,5 minutt og den gjennomsnittlege brukaren er 28 år. Ifølgje Berentzen strekk aldersspennet seg frå nyfikne tenåringar til vaksne godt opp i åra.

– I starten er det vanleg at mange tek lengre turar og testar ut tilbodet. No har det stabilisert seg. Det fortel oss at sykkelen er i ferd med å bli integrert i folk sin kvardag, seier Berentzen og peikar på at sesongen langt frå er over.

– No er fellesferien over og studentane i ferd med å strøyma inn i byen. Under VM vil det vera eit supert pluss at bysyklane står tilgjengeleg i byen.

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Programleder: Mariann Reikerås