Begge bilane hadde tydelege skadar etter kollisjonen. Foto: Rigmor Gåsland
Ambulansen var på veg frå legevakta i sentrum til Haukeland sjukehus med ein pasient då ulukka skjedde i fire-tida natt til fredag.
Pasienten, ein pårørande og to av mannskapet i ambulansen vart lettare skadd. Dei fire vart frakta til sjukehus av andre ambulansar.
Ulukka fann stad i lyskrysset på Danmarksplass.