Hopp til innhold

Sy-«boom» etter symesterskapet

Salet av symaskiner aukar i dei store norske byane. – Me har aldri selt så mange symaskiner til barn og ungdom, seier innehavar Bjørn Ingar Kilde, som dobla salet i januar.

Tracy Sætre og Sissel Bø

– SYPROGRAM AUKA SALET: – Folk vil byrje å sy att, spesielt dei som kanskje ikkje har sydd på tretti år, seier Sissel Bø som eig Husqvarna i Bergen.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

– Eg har drive med symaskin heile livet, og har aldri opplevde liknande, seier Bjørn Ingar Kilde som driver Sømsenteret i Oslo.

Symaskiner Sømsenteret AS

SEL MEIR TIL UNGE: Ved Sømsenteret AS i Oslo kan innehavar Bjørn Ivar Kilde fortelje om ei kraftig auke i sal av symaskiner til barn.

Foto: Privat

Forretninga som sel symaskiner og tilbehøyr opplevde ein enorm etterspørsel etter symaskiner før jul, og til no i januar har Sømsenteret selt dobbelt så mange maskiner som i ein vanleg januarmånad.

Butikkeigaren meiner den store etterspurnaden etter symaskiner kjem etter Det store symesterskapet blei sendt på NRK1 i vinter.

– Eg kan rett og slett ikkje sjå nokon anna grunn. Både folk som ikkje har sydd på mange år, og folk som aldri har sydd kjem inn seier dei har latt seg inspirere, seier butikkinnehavaren.

– Folk vil sy igjen

Husqvarna, Strandgaten

LIKAR DU Å SY? Då kan du melde deg på andre sesong av Det store symesterskapet. Frist: 10. februar.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Og Sømsenteret er ikkje åleine om å oppleve at symaskiner har fått ein renessanse.

Ein ringerunde NRK har tatt til symaskinforhandlarar i Bergen, Oslo og Stavanger, syner det same: Salet av maskiner og tilbehøyr har auka.

– Folk vil byrje å sy att, spesielt dei som kanskje ikkje har sydd på tretti år. Dei kjem innom og seier dei vil gå i gang igjen, seier eigar av Husqvarna i Bergen, Sissel Bø.

Spesielt gjelder dette salet av overlock-maskiner, som også blir nytta i symesterskapet, fortel ho.

LES OGSÅ: Symesterne svarte inspirerte seere

Vegard-effekten

Det store symesterskapet

SYMESTERSKAPET 2014: Denne gjengen fekk bryne seg på litt av kvart under Det store symesterskapet i fjor.

Foto: NRK
Det store symesterskapet

«VEGARD-EFFEKTEN»: Hos Stoff og Stil i Åsane kjem no unge gutar for å kjøpe stoff til skiklede.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Det er slett ikkje berre vaksne som syr.

– Me har aldri selt så mange symaskiner til barn. Eg har sikkert selt over 100 symaskiner til barn under 12 år i vinter, mot kring fem maskiner som er det vanlege, seier Bjørn Ivar Kilde, eigar av Sømsenteret i Oslo.

LES OGSÅ: Sjå alt som blei laga i sesong ein av Det store symesterskapet

Hos Stoff og Stil i Åsane kan butikkmedarbeidar Helene fortelje om ei spesiell symesterskap-effekt som ho har merka seg: Vegard-effekten.

– Det kjem unge gutar og vil kjøpe stoff til ski-klede som de skal sy sjølv. Dei har sett Vegard Øye i symesterskap, skikøyraren som syr dei kule kleda til bruk i bakken, seier ho.

NRK snart går i gang med andre sesong av symesterskap.

Vil du bli med? Meld deg på her.