Hopp til innhold

Svømde rett på 28 kilo tung breiflabb – sette ny norsk rekord

Fridykkar tok 121 centimeter stor breiflabb med harpun. – Eg rakk ikkje tenka så mykje meir enn «dæven, den var stor».

Eirik Vika fang breiflabb med harpun

FRIDYKKFANGST: Eirik Vika fanga den 28 kilo tunge breiflabben med harpun under eit fridykk i Hordaland 14. juli.

Foto: Simen Oen Myrmehl

Den 28 kilo tunge fisken blei teken med harpun på Radøy i Nordhordland 14. juli. Eirik Vika frå Bergen fekk auge på det storkjefta dyret under ei undervassjakt med tre kompisar.

– Me var på segltur og hadde middag den første kvelden, men utover det måtte me skaffa oss mat sjølve. Planen var å sjå etter lyr og torsk.

Svømde rett på fisken

I området nord på Radøy har fridykkarane fanga mykje fisk før. Men denne gongen var fangsten heller mager – før dei tre siste dykkane.

– På førehand hadde eg fått ein liten lyr og ein del kamskjel, før eg tok ein blekksprut i nest siste dykk. Eg gjekk ned ein siste gong og fylgde tareskogen på botnen, cirka 11 meter under vassoverflata, då eg svømte rett på breiflabben, fortel 24-åringen.

– Eg rakk ikkje tenka så mykje meir enn «dæven, den var stor».

Fanga rekordstor breiflabb med harpun

FRIDYKKFANGST: Denne 28 kilo tunge breiflabben blei fanga med harpun. Det er den største breiflabben som er dokumentert fanga under fridykking i Noreg.

Foto: Eirik B. Vika

To nådestøyt

På rein refleks sette han harpunen gjennom hovudet på botnfisken og tok tak i sida på kjeven. Men på veg opp til overflata byrja fisken å spinna på kroken, og kjeften kom farleg nær. Vika peika harpunen i sikker retning og skaut ruggen gjennom hovudet.

– Eg merka han var tung og ville nok hatt vanskar med å løfta han opp på båten åleine. Då eg kom opp hadde eg eigentleg nok med å jubla over fangsten.

På seglbåten venta middag med kamskjel, breiflabb og blekksprut i solnedgang. I frysen ligg det enno 6–7 kilo breiflabbfilet.

– Den skal nytast med familie og kjærast.

Ny norsk rekord

Fangsten blei måndag godkjend som rekord hjå Norsk rekordliste for undervannsjakt, ei uoffisiell registrering gjort av fridykkarspesialisten Frivannsliv. Fridykking og undervassjakt har gradvis auka i popularitet i Noreg og sidan 2011 har selskapet samla dokumentasjon av dei største bragdene gjort med fridykk.

Tok 28 kilo tung breiflabb med harpun

FILETERT: Den 28 kilo tunge fisken har gitt Vika middagar i mange veker framover.

Foto: Eirik B Vika

– Det er veldig spesielt å henta ein så stor fisk i eit fridykk. Ein kan få langt større kveiter på jakt med harpun, men breiflabben kjem like bak. Dette er draumefangsten for mange, fortel Kristoffer Vold.

Den førre rekorden stammar frå 2014 og var på 23,7 kilo. Fisken blei henta opp i Austrheim.

No er det Vika, som til vanleg studerer i Trondheim, som har den uoffisielle rekorden.

– Det er nok det artigaste eg har vore med på. Eg har drive med fridykking og undervassjakt sidan eg var 16, men det var første gong eg fekk blekksprut og breiflabb av denne storleiken, fortel 24-åringen.

  • Les også:

Verdas største

Krabaten til Vika er langt frå dei aller største blant arten. I 2012 fekk Frank Rune Kopperud ein 115 kilo tung breiflabb i garnet i Kvinnherad. Breiflabben var 180 centimeter lang, over éin meter brei og vog 115 kilo. Berre hovudet vog 64 kilo.

Verdens største breiflabb

ENORM: Berre hovudet til det som i 2011 var verdas største registrerte breiflabb vog 64 kilo.

Foto: Frank Rune Kopperud