Målet er at gruppa skal avdekka svart økonomi og alvorleg svindel i fylket. Leiar av skattekrimeininga er Torkel Fure.
- Skattekrimeininga skal ha som føremål å avdekka, dokumentera og melda grovare skatte- og avgiftsunndraging til politiet. Det er hovudmålet, fortel han.
Illustrasjon
140 mrd. svarte kroner
Tal frå 2005 viser at den svarte økonomien her i landet kan vera så stor som 140 milliardar kroner.
Det vert anslått at kring 10 prosent av denne illegale verksemda føregår i Hordaland. Dette vil skattekrimeininga gjera noko med.
- Me vil ha eit breitt fokus. Me vil sjå på svart omsetnad, konkurssaker, og ikkje minst tapping av aksjeselskap, forklarer Fure.
- Negativt for skattemoralen
Eininga som er oppe og går med åtte tilsette frå måndag av vil bruka både internett og verksemdsbesøk i sin kamp med å finna svindlarar.
- Det er vesentlege summar som vert unndrege statskassa, og som kunne vore brukt på noko fornuftig. Samstundes har det ein negativ verknad på skattemoralen til folk når dei ser at kjeltringar går fri, seier Fure.
Svindlarane er menn
Kontoret er stasjonert ved Fylkesskattekontoret i Hordaland, men samarbeidar óg tett med politiet. Fure seier at ein finn svindel og skatteunndraging i alle bransjar, men der er eitt fellestrekk som går att.
- Det er nesten berre menn som er skattesvindlarar. Kvinnene er nesten fråverande, fortel han.