NRK Meny
Normal

Sviktande tillit til bergenspolitikken

Det viser ei meiningsmåling InFact har laga for Bergensavisen og NRK. Meir enn annankvar bergensar seier tilliten til bergenspolitikarane har vorte svekka det siste halve året.

Bystyret i Bergen

TILLIT: Meir enn annankvar Bergensar seier tilliten til bergenspolitikarane har vorte svekka det siste halve året.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Bergensarane likar å seia ifrå – og no langar dei ut mot politikarane dei har plukka ut til å styra byen sin.

– Etter kvart har eg fått veldig lite tillit til dei, det må eg berre sei. Eg vurderer å la vera å røyste fordi eg er veldig skuffa, seier Ingjerd Hatland, som me møter tilfeldig på Torgallmenningen.

Martin Smith-Sivertsen

Byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen frå Høgre.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

I ei meiningsmåling som InFact har laga for BA og NRK seier vel halvparten av dei spurde at tilliten til bergenspolitikarane har vorte svekka det siste halve året.

– Både avgang i byrådet, Drevland og skipsdåpen kan ha ein del betydning, det trur eg absolutt, seier byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen frå Høgre.

Han trur svara i undersøkinga er farga av oppstyret rundt ordføraren sin gratistur til Venezia og rolla som gudmor for eit cruiseskip og at finansbyråd Liv Røssland frå Frp i førre veke gjekk av i protest.

Har din tillit til politikerne i Bergen endret seg siste halve året?

Har din tillit til politikerne i Bergen endret seg siste halve året? *Kjønn

Mann

Kvinne

Total

Nei

27.5%

22,7%

25,1%

Tilliten er styrket

6,4%

7,1%

6,7%

Tilitten er svekket

54,4%

50,3%

52,4%

Vet ikke

11,8%

19,9%

18,8%

Total

100%

100%

100%

– Har ikkje vor mykje rot

Men byrådsleiaren meiner bergenspolitikarane er betre enn ryktet skulle tilseia – trass at ni byrådar har gått ut av byregjeringa sidan valet.

– Eg vil ikkje sei at det har vore mykje rot. Det som er viktig for oss er å få fram politikken, og at Bergen faktisk vert styrt på ein god måte, seier Smith-Sivertsen.

Medan 52,4 prosent av dei spurde seier tilliten er svekka det siste halvåret, er det berre 6,7 prosent som har fått meir tillit til politikarane i byen. Resten veit ikkje eller har stabil tiltru til dei folkevalde.

Harald Schjelderup

Arbeidarpartiet sin byrådsleiarkandidat Harald Schjelderup.

Foto: Bergen AP

Forstår bergensarane

– Det er trist, men forståeleg. Det har vore mykje rot og konfliktar i og rundt Høgre byrådet, spesielt det siste året. Eg trur at mange bergensarar no ristar på hovudet over alle politikarar, seier Arbeidarpartiet sin byrådsleiarkandidat, Harald Schjelderup.

Medan enkelte på gata i Bergen vel å vera nøkterne. Tyr andre til rein nostalgi.

– Eg saknar Herman Friele, ein verkeleg gallionsfigur, seier ein av bergensarane vi møter på gata.

Aldersfordeling

Har din tillit til politikerne i Bergen endret seg siste halve året ? * Alder

18-29 år

30-44 år

45 -64 år

+65 år

Total

Nei

33,1%

21,1%

22,3%

24,6%

25,0%

Tilliten er styrket

8,8%

4,7%

7,2%

6,8%

6,8%

Tilliten er svekket

41,9%

53,4%

59,6%

52,7%

52,3%

Vet ikke

16,2%

20,8%

11,0%

15,9%

15,9%

Total

100%

100%

100%

100%

100%

Siste video

Programelder Øyvor Bakke
Listetoppene i Hordaland møttes til stor debatt, i samarbeid mellom BT, BA og NRK.
Bergensartisten avsluttet den store valgdebatten på Festplassen i Bergen.