Hopp til innhold

Mistar snart fasttelefonen – har i sommar vore utan mobildekning i fleire dagar

Mobildekninga i Modalen kommune har fleire gongar i sommar falle ut. Dette bekymrar modølane, som om under ein månad ikkje lenger vil kunna ha fasttelefon.

Modalen

MODALEN: Modalen kommune i Hordaland har i underkant av 400 innbyggjarar, og er den første kommunen i Noreg der fasttelefonen blir fjerna.

Foto: Wikipedia

Dei siste vekene har mobilnettet til tider svikta og vore nede i Modalen kommune i Hordaland.

– Me har hatt ein del episodar her der delar av og heile Modalen har vore utan mobildekning over lengre periodar. Det lengste var vel oppi seks dagar, seier ordførar Knut Moe til NRK.

Om under ein månad blir Modalen kommune historisk. Frå 1. september er det ikkje lenger mogleg å bruka vanleg fasttelefon i Modalen.

Som første kommune i Noreg skal innbyggjarane i Modalen berre bruka ip-telefoni eller mobil, og i 2017 skal det etter planen bli slutt på fasttelefonen over heile landet.

– Innbyggjarane er urolege

Også i fjor sommar opplevde Modalen at mobildekninga svikta. I midten av juni var dei utan mobildekning i tre døgn. Ordføraren uttalte då til NRK at dei ville legga fram krav om at mobilnettet måtte bli vesentleg forsterka før fasttelefonen forsvinn.

For å gjera Modalen rusta til at fasttelefonen kan fjernast har det sidan i fjor sommar kome på plass to nye basestasjonar i kommunen. I Modalen er det no til saman sju basestasjonar.

Problema Modalen har opplevd med mobildekninga i det siste gjer at det likevel bekymrar ordføraren at dei i Modalen snart i stor grad blir avhengige av mobiltelefon.

– Innbyggjarane er urolege, dei føler at dette ikkje er tilfredsstillande, seier Knut Moe.

LES OGSÅ: Dette er ein mobiltelefon | Nå blir det snart slutt på denne

Mobildekning i Modalen

DEKNINGA: Dette kartet frå Telenor viser korleis dekninga for 3G (gult) og vanleg tale/GSM (grønt) er i Modalen per 7. august 2013. Kartet viser dekning i bil og forventa dekning innandørs.

Foto: Skjermdump frå Telenor.no

Lovar å senda ut folk umiddelbart

Ifølgje Telenor skuldast problemet med å få ordna mobilnettet i sommar ein rutinesvikt. Dette skal ikkje skje igjen, seier informasjonssjef Per Aril Meling i Telenor.

– Det tilfellet eg kjenner til var førre helg. Då var det rett og slett feil på utstyr på den kabelen som kjem inn til Modalen. Det som skjer viss det blir ein feil i framtida, så skal me senda ut entreprenørar umiddelbart, for å retta opp feilen, seier Meling.

– Me har også laga ei reserveløysing, ein ny kabel inn til Modalen, slik at dei har to separate kablar til å kunna føra trafikken ut av dalen, legg Meling til.

Ordfører Knut Moe i Modalen

BEKYMRA: Ordførar Knut Moe har fått tilbakemeldingar frå innbyggjarar i Modalen om at dei ikkje synest det som skal erstatta fasttelefonen er tilfredsstillande. Slike tilbakemeldingar bekymrar ordføraren.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Telenor har tidlegare uttalt at bakgrunnen for at fasttelefonen forsvinn er at fasttelefon-teknologien er blitt forelda.

Stolar på Telenor

For innbyggjarane i Modalen er det viktig at dei må kunna kjenna seg trygge også etter at fasttelefonen har forsvunne.

– Det går på beredskap, dette med brann, tryggleiksalarmar og slike ting, seier Moe.

Trass bekymringane stolar ordførar Knut Moe på Telenor.

– Me er urolege, men i forhold til den dialogen me har hatt så er eg trygg på at Telenor kjem til å strekka seg veldig langt, seier han.