Hopp til innhold

Svikta av samfunnet

Theo er fire år. Han høyrer, men han kan ikkje snakka.

Theo døv gutt
Foto: Sissel Rikheim / NRK

4-åringen blei fødd døv, men ein operasjon gav han hørsel for to år sidan. Men han har ikkje fått hjelp nok til å læra å snakka.

350 born i Noreg

Om lag 350 norske born har i dag cochleaimplantat - ei lita brikker operert inn bak øyret , og som enkelt forklart sender lyd til hjernen.

Normal hørsel blir det ikkje, men dei høyrer, og kan utvikla normalt talespråk. Theo får no seks timar spesialpedagogisk hjelp i veka. Hadde foreldra valt teiknspråk, hadde han hatt rett på fire gonger så mykje hjelp.

- Urettferdig, meiner mor til Theo, Siv Stellberg.

- Det er fortvilande å vite at klokka tikker. Jo lengre tid det går, jo vanskeligare blir det å få ungane til å fungere i samfunnet, seier ho.

Klarer seg dårleg sosialt

Theo døv barnehage
Foto: NRK

I ei undersøking NRK Brennpunkt har gjort blant familiar med hørselopererte barn, svarer over halvparten at ungane har problem med å klara seg språkleg eller sosialt.

Som forskar har spesialpedagog Ona Bø Wie følgt opp alle dei opererte ungane i Norge.

- Det er veldig viktig å ikkje glemme denne gruppa , seier ho. Dei kan faktisk leira seg å snakke om dei får ein tidleg og god pedagogisk oppfølging.

Geir Lippestad
Foto: NRK

Krev lovendring

Kvart år blir det fødd 40 døve barn i Norge. 90 prosent blir nå opererte.

Hørselhemmedes Landsforbund krev no ei lovendring som sikrar dei hørselopererte borna like mykje hjelp som dei som bruker teiknspråk.

- Denne gruppa må vernast slik at manglade kompetanse ute i kommunane ikkje rammar dei med full tyngde, seier generalsekretær Geir Lippestad i Hørselhemmedes Landsforbund.

NETT-TV: Føler seg svikta

SJÅ MEIR I BRENNPUNKT PÅ NRK1 I KVELD KLOKKA 21.30.