Hopp til innhold

Svensk ungdom driv valkamp i Bergen

Ungdommar i SSU har reist frå Göteborg til Bergen for å hjelpa AUF i valkampinnspurten.

SSU-medlemmene Niki Karim (t.v.) og Julia Lundell hjelper AUF i valkampen.

Niki Karim (t.v.) og Julia Lundell i SSU er glade for at dei får hjelpa til i den norske valkampen.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

Då Niki Karim høyrte om terrorangrepet på Utøya bestemte ho seg for at ho ville reisa til Noreg for å hjelpa. I dag kom ho og ni andre i Sveriges Socialdemokratiska Ungdomsförbund (SSU) med tog til Bergen.

– Me var ein gjeng som prata om det i sommar, og bestemte oss for å reisa og hjelpa AUF. Me ville ha reist også om me ikkje hadde fått plass i SSU si gruppe. Eg vil hjelpa til i valkampen fordi det er det einaste eg kjenner at eg kan gjera som vil gjera ein forskjell, seier Karim.

(Artikkelen held fram under biletet)

SSU og AUF gjer seg klare for husbesøk

Informasjon til både svensk og norsk ungdom før husstandar i Fyllingsdalen skal få besøk.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

– Viktig å hjelpa over landegrensene

– Eg kjente meg hjelpelaus då eg høyrte om Utøya, og tenker at dette er det eg kan gjera for å hjelpa. Det er viktig at me hjelper kvarandre over landegrensene, seier Julia Lundell.

Kledd i raude t-skjorter gjekk dei to svenske jentene saman med Eigil Knutsen og Emelin Dos Santos Dias i AUF på husbesøk i Fyllingsdalen i Bergen i ettermiddag.

– Me blir godt mottatt og folk blir glade for å få ei rose, seier Niki Karim.

(Artikkelen held fram under biletet)

SSU hjelper AUF med husbesøk i Bergen.

SSU-medlemmene fekk også oppleva Bergensregnet då dei var med på husbesøk.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

Kan ikkje svara på alle spørsmål

– Dei forstår stort sett kva me seier, og nokre kjem med politiske meiningar. Det er bra at dei seier det dei meiner, seier Julia Lundell.

For både Karim og Lundell er det første gong dei er i Bergen, men SSU har ein utvekslingsavtale med AUF i Vestlandshovudstaden. Ved det svenske valet i fjor reiste fleire frå Bergen til Göteborg og hjelpte til i den svenske valkampen.

– Noreg og Sverige er to veldig like land og SSU og AUF er like. Eg kjenner igjen mange av metodane og slagorda som blir brukt her. Eg veit ikkje kva AUF meiner i alle spørsmål, men me har det same verdisynet, seier Lundell.

SSU-medlemmer frå andre svenske byar har reist til Trondheim og Oslo for å hjelpa til i valkampane der.

– Viser styrken i arbeiderrørsla

Før dei reiser tilbake til Sverige på søndag skal dei svenske ungdommane også vera med på nattaksjon og stå på stand.

SSU-medlem Julia Lundell driv valkamp for AUF i Bergen.

Nanni Sofie Setnes var ein av dei som fekk besøk av svenske Julia Lundell.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

Eigil Knutsen er glad for å få hjelp frå nabolandet.

– Det er fantastisk, og det viser styrken som er i arbeiderrørsla, seier Knutsen, leiar i Bergen AUF.

Nanni Sofie Setnes var ein av dei som fekk besøk av Julia Lundell i ettermiddag.

– Det er berre bra at svenske ungdommar deltar, meiner ho.