Hopp til innhold

Sveio

Frp vann valget i 2003. KrF, som tradisjonelt har stått sterkt i Sveio, tapte derimot så det suste. Medan Arbeiderpartiet og Jorunn Skåden hadde så stor framgong at dei sikra seg toppvervet i vår sørlegaste kommune. No er det duka for eit nytt slag mellom KrF, Ap, Sp og FrP.

Utsikt frå Ryvarden fyr i Sveio
Foto: Arvid Børretzen

Politisk situasjon

FrP var den soleklare vinnaren i 2003 med over 23 prosent av røystene. Men Jorunn Skåden og Arbeiderpartiet hadde også solid framgong, og med hjelp frå Senterpartiet og partia på venstresida, spelte dei Høgre og FrP ut over sidelinja, og sikra seg fleirtalet i Sveio.

Samarbeidstanken er lufta også for det komande valet, men samstundes har både KrF, Sp og FrP sagt at dei er på ordførarjakt. Skulle høgresida gå sterkt fram i Sveio denne gong, vil nok samarbeidet bli ein realitet også for komande periode. Men elles er både Olav Haugen (KrF) og Mathias Vikse (Sp) meir enn klar til å overta ordførarvervet. Både Bygdelista for Sveio og Kystpartiet er framleis å rekna med i Sveiopolitikken, og i år er også Miljøpartiet Dei Grøne komen på banen.

Aktuelle saker

Som i dei fleste andre sunnhordlandskommunane er ting i ferd med å betra seg i Sveio. Tilflyttinga til kommunen aukar, økonomien er i betring, og golfbanen har gjort kommunen meir attraktiv - ikkje minst for næringslivet. Satsinga på kultur, som til dømes Valenheimen og Ryvarden fyr har også skapt framgong i Sveio. For komande periode blir det å utvikla denne trenden vidare svært viktig. I tillegg må det leggjast til rette for fleire bustadområder, medan den politiske debatten kan koma til å stå om kvar investeringane skal koma først; golfbanen eller fleire omsorgsplasser. I tillegg vil nok politikarane i komande periode måtta kjempa for å få det nye regionfengselet for Sunnhordland og Haugalandet til Sveio.

Aktuelle kandidatar

Jorunn Skåden (Ap), Brit Elin Hovda Mølstre (Bygdelista) Tone B. Steinsvåg (V), Mathias Vikse (Sp), Olav Haugen (KrF), Ruth Grethe Eriksen (H), Hans Christian Andersen (FrP), Hildur Larsen (Kystpartiet), Vigdis Askeland Dahle (SV), Arve Myklebust (Miljøpartiet Dei Grøne).

 

Valstatistikk

Valstatistikk Sveio