Hopp til innhold

Sveinung Valle er død

Det melder Hordaland Arbeiderparti i dag. Valle døde i heimen sin natt til søndag 20. mars.

Fylkesleder Sveinung Valle i Hordaland Ap

SVEINUNG VALLE: Han blei 57 år.

Foto: Thor Brødreskift / Arbeiderpartiet

– Det er med stor sorg at Hordaland Arbeiderparti melder om at gruppeleiar på fylkestinget Sveinung Valle er død, 57 år gamal. Det skriv leiar i Hordaland Arbeiderparti Hans-Erik Ringkjøb i pressemeldinga i dag.

Sveinung Valle døde i sin heim natt til søndag 20. mars. Dødsfallet kom brått og uventa ifølge meldinga.

Valle har tidlegare vore leiar i Hordaland Arbeiderparti, og statssekretær i landbruksdepartementet i 2001.

– Vi uttrykkjer vår djupaste medkjensle til familien. Sveinung Valle sin bortgang er eit stort tap for heile Hordaland. Vi har mista ein dyktig politikar og ein god ven, skriv Ringkjøb.