Hopp til innhold

Svein er krigsbarn: – Mor mi kom aldri over si skjebne

BERGEN (NRK): Den pensjonerte legen var ein av mange ungar fødd av ei norsk mor og ein tysk far under krigen. I dag er første gong han fortel historia si offentleg.

Svein Ødegaard

SKULDKJENSLE: Svein Ødegaard fortel at fleire tyskarbarn gjerne kjente på skuld som følgje av den vanskelege situasjonen mødrene blei sett i etter å ha født eit barn med tysk opphav.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

I dag bad regjeringa om unnskylding til «tyskarjentene», 73 år etter krigens slutt.

For Svein Ødegaard vekka regjeringa si beklaging fleire kjensler.

– Dei fleste lever jo ikkje lenger. Eg er glad for unnskyldinga, men eg synest det er synd at ikkje fleire av dei det gjeld fekk det med seg.

Ødegaard hadde norsk mor og tysk far, og mor hans var stempla som «tyskarjente» gjennom heile livet.

– Ei gjensidig skuldkjensle

Ifølgje Ødegaard har det for dei fleste tyskarbarna vore svært vanskeleg å fortelje om familiebakgrunnen sin.

Han seier sjølv at fleire tyskarbarn følte skuld for at mora var hamna i den situasjonen dei var i, for å ha født eit barn med tysk opphav.

Tyskerjente 1

TVANGSKLIPP: Fleire tyskarjenter blei skamklippa av andre nordmenn om det blei kjent at dei hadde vore saman med tyske soldatar.

Foto: Leon Jacobsen / Statsarkivet i Bergen

– Mange barn følte dei var skuld i at mor var i ein slik situasjon. Det var ei gjensidig skuldkjensle - ei mor som følte ho hadde gjort noko feil, og eit barn som følte at dei hadde påført mødrene eit dårleg liv.

Mor til Svein Ødegaard var kring 18 år gammal då ho møtte den tyske soldaten.

Etter krigen blei han sendt ut av landet og til internering i Frankrike. Og i 1949 fekk han flytte tilbake til Tyskland.

Risikerte å bli sendt på barneheim

Nokre år etter krigen, like før Svein skulle byrje på skule, fann mora ein ny mann. Då var det vanleg at tyskarbarn blei sett vekk på barneheim for ein periode.

– Veldig mange barn blei avviste av den nye familien og blei plassert i barneheimar.

Mødre og barnevogner fra krigsårene

SETT NED PÅ AV SAMFUNNET: «Tyskarjentene» blei både under og etter krigen tilsidesett av samfunnet. Fleire av dei mista sitt norske statsborgarskap.

Foto: SCANPIX / SCANPIX

Ødegaard kan godt hugse dagen han såg inn på barneheimen han skulle bu på i Bergen.

– Eg tenkte umiddelbart at dette ikkje var staden for meg, og slo meg vrang.

Han fekk gjort ein avtale med mormora si, og planen var at han skulle bu hos henne og bestefaren i nokre veker. Dei vekene blei til tre år før han fekk flytte heim att til mora og stefaren sin.

«Pappa, her er eg»

Tilfella ville ha det til at Ødegaard fekk studieplass i Bonn, den dåverande hovudstaden i Vest-Tyskland, for å bli lege.

Der trefte han ei norsk jente, som med tida blei kona hans. Ho jobba som leiar for arkivet ved den norske ambassaden i Bonn.

– Då eg omsider klarte å fortelje henne at eg hadde ein tysk far eg aldri hadde møtt, byrja ho undersøke, og via Berlin fann ho ut kor han budde.

Svein Ødegaard reiste med det same til heimstaden hans, og banka på ytterdøra.

– «Pappa, her er eg!», hugsar eg at eg sa. Vi enda opp med å ha eit godt forhold i åra etter og fram til han døydde.

Svein Ødegaard hadde no familie på begge sider av slekta – ei ny stemor, nye kusiner og fetterar, ein bestefar og ein onkel i Amerika.

– Plutseleg hadde eg fått eit komplett bilete av meg sjølv, noko som er så utruleg viktig.

Svein Ødegaard

GODE RELASJONAR: Ødegaard har framleis god kontakt med slekta si på både mor- og farssida.

Foto: Vilde Midtbø Ulsten / NRK

– Mor mi kom aldri over det

Ødegaard hadde alltid eit godt og nært forhold til mor si, men såg kor mykje livet tæra på henne.

Handlinga med den tyske soldaten skulle setje spor i henne resten av livet. Sjølv mista ho ikkje statsborgarskapet, slik mange andregjorde. Men ho var aldri velkommen i samfunnet, ifølgje sonen sjølv.

– Mor mi kom aldri over det. Ho hadde avfunne seg med si skjebne – slik var det, og slik skulle ho bli behandla.

– Ho blei plassert ved sidan av samfunnet, og der levde ho heile livet fram til ho døydde for nokre år sidan.

Kva trur du mora di hadde sagt om regjeringa si beklaging om ho hadde levd i dag?

– Ho hadde nok berre tatt det til etterretning. For når livet har gått, og noko du har håpt på kjem så seint, så kan du ikkje gjere anna enn det.