Hopp til innhold

SV vil ha cruisekutt – berre dei reinaste får legge til kai

For å få ned talet på cruiseskip i norske hamner vil SV at reiarlaga skal konkurrere mot kvarandre i ein auksjon. – Dei som har lågast utslepp, brukar lokale guidar og kjøper lokal mat, får kome, foreslår SV.

Cruiseskipene ankommer Bergen

PÅ VEG TIL BERGEN: SV har sett seg lei på alle cruiseskipa som kjem til Noreg og forureinar. No foreslår dei nye måtar å luke ut verstingane.

Foto: Fred. Olsen Cruise Lines

I løpet av perioden frå 1993 til 2018 har talet på cruiseturistar i Noreg gått frå om lag 100 000 til nær 800 000. Talet på anløp har auka frå rundt 1030 til 2150, ifølgje TØI.

Mens cruiseskipa ligg til hamn, spyr dei ut klimagassar. Det vil SV ha slutt på. Tysdag foreslo dei ei auksjonsordning for Næringskomiteen på Stortinget.

– For å kome inn til land må cruiseskipa sende inn ein søknad der dei må fylle ut kva slags utslepp dei har og kva ringverknader dei vil ha for norsk næringsliv. Så kan norske styresmakter bestemme kven som får kome, seier stortingsrepresentant Arne Nævra.

Vil gjere guidekjøp obligatorisk

Forslaget går ut på at eit avgrensa tal løyve blir auksjonert bort kvart år. Valutaen partiet ser for seg er ikkje norske kroner, men kor låge utslepp skipa har, og om reiarlaga vil bruke lokale guidar eller kjøpe lokal mat.

– Er det rett å tvinge aktørar til å kjøpe guidetenester?

– Ja, det synest eg absolutt er på sin plass. Det ville vore taktisk klokt om dei hadde gjort det uoppfordra, men vi ser at vi må sette slike krav.

SV vil no be regjeringa sjå nærare på korleis ei slik ordning kan fungere.

Arne Nævra

FORESLÅR NY ORDNING: – Med ei slik ordning sit vi igjen med reinare fjordar, reinare kyst og eit lokalt næringsliv som ville fått langt meir igjen for besøka, seier stortingsrepresentant Arne Nævra.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Kan gje mindre verdiskaping

Nærings- og fiskeridepartementet minner SV på at forslaget også kan gje negative konsekvensar.

– Ei slik ordning er ikkje nødvendigvis ei dårleg løysing. Løyve som blir auksjonert bort vil sikre konkurranse, sjølv om det også kan føre til færre aktørar og dermed redusert konkurranse, seier Geir-Inge Sivertsen, statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet (H).

Han fryktar at ei slik ordning kan redusere cruisenæringa sitt bidrag til norsk verdiskaping, og at nytta må målast opp mot alternative løysingar, som krav til utslepp i lova.

Å tvinge skipa til å kjøpe tenester av lokal guidar har han ikkje tru på.

– Eit slikt krav kan vere i strid med reglar om fri flyt av tenester i EØS-avtalen, seier Sivertsen.

Geir-Inge Sivertsen

FRYKTAR NEGATIVE KONSEKVENSAR: – Cruisetrafikk bidreg til lokal verdiskaping i Noreg, og utgjør eit viktig kundegrunnlag, særleg på mindre stader langs norske fjordar, seier statssekretær Geir-Inge Sivertsen i Nærings- og fiskeridepartementet.

Foto: Nærings- og fiskeridepartementet

Positiv til forslaget

Bergen er Noregs største cruisehamn. Når 2019 er over har byen tatt imot 600 000 cruisepassasjerar, og rundt 330 cruiseanløp. Bystyret har alt vedteke eit tak på tre cruiseskip og 9000 passasjerar per dag.

Byråd for finans, næring og eigedom, Erlend Horn (V), seier byrådet ikkje har tatt stilling til om dei er for eit slikt konsesjonssystem. Men han ynskjer forslaget frå SV velkomen.

– Vi vil evaluere tiltaka vi allereie har gjort før vi eventuelt gjer ytterlegare innskrenkingar. Men det er viktig å også få nasjonale utgreiingar om kva som kan gjerast for å få til ei meir klima- og miljøvennleg cruisenæring, seier Horn.

Cruiseskip, forurensing

FORUREINING I BERGEN: I Noregs største cruisehamn er forureining frå cruiseskipa tidvis eit stort problem.

Foto: Tor Pedersen

– Må kunne sette krav

TØIs prognosar viser ein mogleg vekst frå 600 000 til éin million cruiseturistar på Vestlandet frå 2018 til 2040.

SV meiner det er på tide at regjeringa set strengare miljøkrav til næringa.

– Cruisenæringa har vakse og vakse og nesten ikkje vore regulert. Det betyr at vi har sete med lua i handa og tatt imot alle som har kome. Det burde vere motsett. Vi har attraktiv natur og flotte opplevingar å tilby, då må vi også kunne sette krav, seier Nævra.