Hopp til innhold

SV-trøbbel på grunnplan

SV har ikkje berre mista veljarar - Sidan partiet gjekk i regjering har over 40 lokallag gitt opp å stilla til val. Det viser havarirapporten som har evaluert det svake stortingsvalet i fjor.

sv

KRISEMÅLINGAR: Før valet i fjor kalla SV inn til hastepressekonferanse, etter krisemålingane i helga som gir partiet rekordlåg oppslutnad.

Foto: Ellen Viseth / NRK

Leiar i Hordaland SV, Steinar Nørstebø, har vore med på arbeidet med rapporten, og meiner partiet sin viktigaste jobb er å vekkja grasrota.

– Det å bli malt gjennom kompromisskverna gong på gong gjennom åtte år, det tærar på kreftene. Både sentralt og ikkje minst hjå dei visjonarnære SV-sosialistane rundt om i Noreg.

Veljarflukt

Dei fleste har fått med seg veljarflukta frå SV. Men evalueringsrapporten som tek for seg kva som gjekk gale for partiet i stortingsvalet i fjor haust syner og at store delar av partiorganisasjonen har smuldra bort.

– SV har hatt ei negativ utvikling gjennom mange val. Vi greidde akkurat sperregrensa denne gangen, no må vi ta på alvor at vi ligg så lavt.

Frå partiet hamna i regjering, til kommunevalet for tre år sidan, stilte paritiet til liste i 44 færre kommunar. Meir enn tusen folkevalte ut i kommunane vart i same periode til 362.

Må snu trenden

Leiaren i Hordaland SV vedgår at også engasjementet har dalt.

– Det har blitt mindre aktivitet ute i kommunane. Denne trenden er vi nødt å snu.

Han legg vekt på at jobben på grunnplanet er viktig og meiner eit viktig fokus i partiet må vera å arbeide for å reise nok lister i kommunevalet 2015.

– Arbeidet i kommunestyrene er jo på ein måte partiet sin motor. Utan å stå sterkt blandt folk og ute i diskusjonen om politikk ute i lokalsamfunnet er det sjanselaust å løfte seg til eit nasjonalt nivå.