Hopp til innhold

SV-toppen blei 64 før ho tok mot til seg og spora opp foreldra

BERGEN SENTRUM (NRK): Tidlegare SV-nestleiar Oddny Miljeteig fortel for første gong om livet som adoptivbarn, og kvifor ho til slutt bestemte seg for å finna den biologiske familien sin.

Oddny Miljeteig

BERRE HO VEIT: Oddny Miljeteig tok nyleg steget og fann ut kven som er dei biologiske foreldra hennar. Førebels har ho ikkje tatt kontakt med familien. – Enno er det berre eg som veit.

Foto: Christian Lura / NRK

Det tronge kontoret er blitt endå litt trongare. Pappeskene står på geledd langs veggen. Oddny Miljeteig pakkar ut, etter eit halvt liv i bergenspolitikken.

– Det kjennest vemodig, men ikkje sånn sårt vemodig. For eg har vore så lenge i bergenspolitikken at eg trur me må seia det var på tide, seier Miljeteig til NRK.

Til lokalpolitikar å vera har ho vore synlegare enn dei fleste. I 2015 blei ho nestleiar i SV. Kort etter måtte ho gje seg. Ein annan kamp blei større og viktigare. Ho fann ein kreftkul i brystet.

Oddny Miljeteig sluttar. Samstundes kjem det bok om henne.

Oddny Miljeteig sluttar. Samstundes kjem det bok om henne.

Blei adoptert

Det er ei anna side av livet hennar ho aldri har snakka om før no. Om sjølve starten på livet.

– Eg er fødd i 1954. Det var jo ikkje uvanleg at ungar blei bortadopterte den gongen. Det kunne vera unge foreldre, ein einsleg mor, ofte var dårleg økonomi ein grunn.

Det verste for meg måtte ha vore at dei kom frå bokmålsland!

Oddny Miljeteig om dei biologiske foreldra

Miljeteig har tenkt mange gonger på å spora opp opphavet. Først no har ho gjort det.

– Ein skal vera budd på kva ein finn, uansett. I ein alder av 64 innsåg eg at eg måtte. Eg er den einaste i heile verda som kan gjera det. Ungane må kunne få tilgjenge til det som òg er eit kapittel i deira liv, seier Miljeteig.

No veit ho kven den biologiske familien er.

– Dei kom frå eit nynorskområde, heldigvis, seier målkvinna og ler.

– Hans Olav Lahlum sa at det verste for meg måtte ha vore at dei kom frå bokmålsland!

Video Verva 222 nye medlemma til Noregs Mållag

NØGD: I 2012 verva Miljeteig 222 medlemer til Noregs mållag, i protest mot partifelle og dåverande kunnskapsminister Kristin Halvorsens forslag om å fjerna eksamen i sidemål i skulen.

Foto: NRK

Dei biologiske foreldra er døde. Enno har ho ikkje tatt kontakt med attlevande slektningar.

Den elles så opne og frittalande dama vil førebels ikkje seia så mykje meir enn det.

– Eg har brukt 64 år på koma så langt, då får det ikkje hjelpa at det tek litt tid. Enno er det berre eg som veit. Det er rett at det er borna det gjeld, som skal få styra dette, seier Miljeteig.

– Uansett er det alltid adoptivfamilien min som har vore familien, legg ho til.

– Er bakgrunnen din som adoptert noko av årsaka til engasjementet ditt for sosialpolitikk?

– Eg meiner eg er fødd med ei innebygd rettferdskjensle som er veldig sterk. Om adopsjonen har prega meg, det kan henda. Men eg veit ikkje.

Audun Lysbakken og Oddny Miljeteig

DUO: I 2015 blei Oddny Miljeteig vald som nestleiar i SV og makkar for Audun Lysbakken. Etter tre månader måtte ho trekkja seg.

Foto: Hordaland SV

Brå slutt på rikspolitikken

Det er dagen for det siste møtet i helse- og sosialkomiteen ho skal leia. Og det er dagen ho skal få boka om seg sjølv i hendene for første gong, skriven av BT-journalist Kjersti Mjør.

Større delar av Noreg kunne ha blitt kjende med Oddny Miljeteig. I 2015 valde SV henne til nestleiar og makkar til Audun Lysbakken.

Det gjekk tre månader. Dei neste åra blei prega av kampen mot kreften.

– Det tok alle kreftene mine. Eg fekk seinskader, det var komplikasjonar i behandlinga, det var ikkje ein millimeter energi i meg. Eg fekk angst og blei redd for å døy, det var ikkje den ting eg ikkje var redd for. Eg var ein heilt annan person enn eg har identifisert meg som.

Ho har enno ikkje vunne alle kreftene tilbake. Det er òg noko av grunnen til at ho trekk seg frå politikken.

– Eg har slege meg til ro med at eg ikkje har dei same kreftene som før. Men eg er glad for at eg har god livskvalitet. Og eg trur eg skal få leva lenge i landet, som dei seier.

Miljeteig

RAUDSTRØMPE: – Eg meiner eg er fødd med ei innebygd rettferdskjensle som er veldig sterk, seier Oddny Miljeteig.

Foto: CHRISTIAN LURA / NRK