Hopp til innhold

SV-profil krev at justisministeren må gå av

– Neda og familien må få koma heim att, krev gruppeleiar Oddny Miljeteig (SV) i Bergen. Ho meiner familien blei behandla som internasjonale krigsforbrytarar på rømmen då politiet henta dei.

Neda-saka

KALLAR DET 'POLITISTATMETODAR': SV-profilen i Bergen kallar det 'politistatmetodar', etter at Neda (12) og familien hennar blei henta av politiet. Politiet knuste ruta for å koma seg inn.

Foto: Tine Poppe / Mari Friestad

Oddny Miljeteig

VIL HA NEDA HEIM ATT: Oddny Miljeteig (SV) vil ha Neda heim att. Elles krev ho at justisministeren må gå av.

Foto: NRK

Gruppeleiar Oddny Miljeteig (SV) i Bergen bystyre kom med kravet om at justisminister Grete Faremo (Ap) må gå av på Facebook i går kveld.

Kravet kjem etter utsendinga av 12 år gamle Neda og familien hennar i Sandnes. Jenta har budd ti år i Noreg før ho blei sendt tilbake til Jordan.

– Politistatmetodar

– Anten må justisminister Faremo fordøma, og få slutt på politistatmetodane mot sakeslause born og henta heim att Neda og familien, elles får ho gå av. Det får vera grenser for kva misgrep i Noregs namn asylborn skal få oppleva, skriv Miljeteig i ein kommentar til at Troms SV krev ministerens avgang.

Miljeteig seier til NRK.no at ein må halda seg til FNs barnekonvensjon, som slår fast at omsynet til borna sitt beste alltid skal koma først. Ho meiner dette må gjelda uansett kva foreldra måtte ha gjort.

Gruppeleiaren i SV reagerer også sterkt på måten utsendinga skjedde på natt til tysdag.

– Ein knuser seg ikkje inn til ein barnefamilie klokka halv to om natta, og behandlar folk som om dei skulle vera internasjonale krigsforbrytarar på rømmen. Det må vera grenser, seier ein opprørt og fortvila Oddny Miljeteig til NRK.no.

– Kan bli omgjort

Fleire andre sentrale politikarar frå regjeringspartia har også reagert sterkt på utsendinga.

Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Inga Marte Thorkildsen (SV) reagerer på utsending:

Knut Arild Hareide

KAN BLI OMGJORT: – Ei ny regjering kan retta opp i dette, seier Knut Arild Hareide (KrF).

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

– Vi skal ha ein meir barnevenleg praksis når det kjem til asylbarn. Det var noko vi hadde oppe i stortingsmeldinga «Barn på flukt». Eg kan ikkje sjå at dette er meir barnevennleg, seier Thorkildsen.

Ho vil no diskutera dette med kollegaene sine i regjeringa.

Partileiarane Knut Arild Hareide (KrF) og Trine Skei Grande (V) seier det kan bli aktuelt å henta Neda heim att viss dei kjem i regjering etter stortingsvalet i haust.

– Ei ny regjering kan retta opp i dette, seier Hareide.

Fann falske pass

Informasjonssjef Bjørn Lyster i Utlendingsnemnda (UNE) har forklart at utsendinga har samanheng med at politiet nyleg har funne falske pass heime hos familien.

– Det er vurdert at dei ikkje har hatt behov for vern. Elles er det viktig at det er foreldre som har operert med falsk identitet og gal nasjonalitet. Dei har halde papira sine skjult heile tida, og slik sett gjort det vanskeleg for norske styresmakter, sa Lyster til NRK.no i går.

Politiet knuste ei rute i døra for å koma inn i bustaden til familien på Dale mottakssenter, men seier i dag at det var naudsynt fordi døra var sperra på innsida.