Hopp til innhold

SV takka nei til byrådssamtalar med Venstre

Rett før samtalane mellom Ap, KrF, Venstre og SV skulle begynna i dag, gav sistnemnde beskjed om at det ikkje var aktuelt å stilla til sonderingar om Venstre var med.

Mikkel Grüner

Mikkel Grüner i SV leiar forhandlingane for partiet i Bergen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Det får NRK opplyst.

SV var ikkje med på dagens sonderingssamtalar og det ser dermed ut til at det berre er Ap, KrF og Venstre som går vidare til forhandlingar om å danna nytt byråd.

Dei tre partia møter pressen til ein orientering klokka 15.30.

Sonderingssamtalane byrja klokka 13.00 i dag. Før møtet sa byrådsleiarkandidat Harald Schjelderup følgande:

– Vi har invitert dei til eit felles sonderingsmøte. Vi har eit prosjekt og ein retning for Bergen som vi har tru på. Vi trur SV og Venstre deler dei tankane vi har, seier Schjelderup til NRK.

– Ikkje aktuelt å stilla i lag med Venstre

Men SV skal altså ha gitt beskjed om at det ikkje er aktuelt å delta i sonderingar saman med Venstre.

– Vi i SV ønskjer ikkje å delta i felles sonderingar med Venstre. Det har vi sagt klart ifrå om fleire gonger, også i valkampen, seier andrekandidat Mikkel Grüner som leiar forhandlingane for SV.

– Vi ligg for langt frå kvarandre i sentrale spørsmål som arbeidsliv og privatisering. Det er vanskeleg for oss å sjå at vi kan kome til fornuftig semje. Det må vi og Venstre vera ærlege om, seier Grüner til NRK.

Han understrekar at dette ikkje betyr at det ikkje er grunnlag for forhandlingar med Ap og KrF.

- Vi håpar at Ap vil gå i forhandlingar med SV om eit fleirtalsbyråd, avsluttar Grüner.