Hopp til innhold

Taiman-saka opp i fylkestinget i dag

SV i Hordaland vil at eit samla fylkesting skal krevje å få Taiman tilbake til Norge. – Ikkje fylkestinget si oppgåve, seier Frp.

Taiman på Trandum

SAKA TIL FYLKESTINGET: Taiman-saka har skapt stort engasjement i Bergen. I dag bestemmer fylkestinget seg for om dei samla skal krevje at sentrale myndigheiter lar han kome tilbake til Norge.

Foto: TIPSER.NO / Daniel D.Laabak

Taiman-opprop

KJENSLELADD: Mange har engasjert seg for å få gjort om saka til Taiman Agid Fatah.

Foto: Johannes Morland

– Målet er at eit samla Hordaland fylkesting skal gje klar beskjed om at Taiman skal heim til oss, seier Aud Oen i SV.

SV har utarbeidd eit forslag til eit felles fråsegn frå fylkestinget i Hordaland i Taiman-saka. Bodskapet er klart: Dei vil ha han heim.

  • Les alt om Taiman-saka her

– Minner om kidnapping

Aud Karin Oen

MÅ GJE SIGNAL: Aud Karin Oen i SV i Hordaland ønskjer at fylkestinget samla skal krevje å få Taiman tilbake til Norge.

Foto: Kai Svellingen-Flatekvål

Taiman Agid Fatah (27) blei sendt ut av landet i år etter han at i 2008 fekk avslag på asylsøknaden sin av UNE. Resten av familien til Taiman har fått opphald.

Engasjementet for Taiman har vore stort i Bergen. Saka skal opp i Oslo tingrett 7. mai.

– Vi synest heile behandlinga av Taiman frå han kom til Norge, og til han blei sendt ut med politieskorte vitnar om ein asylpolitikk som nesten ikkje toler dagens lys, seier Oen.

I forslaget til fråsegn skriv mellom SV i Hordaland at uttransporteringa av Taiman bar preg å vere rein kidnapping og var i strid mot all rettskjensle og humanitet.

– Vi må ta standpunkt og gje eit signal om kva politikk vi ønskjer. Vi må gje klart beskjed om at Taiman er hordalending, og gje drahjelp til støttegruppa hans, seier Oen.

Oen har fått signal om at fleire parti vil stå bak forslaget.

Terje Søviknes

IKKJE VÅR ROLLE: Terje Søviknes i Frp meiner det verken er fylkestinget si rolle eller oppgåve å blande seg i slike saker.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Ikkje fylkestinget si rolle

Frp vil ikkje stille seg positive til SV sitt framlegg i fylkestinget i dag.

– Dette er ei sak som er under behandling, og blir behandla sentralt. No skal den opp i Oslo tingrett i mai, og det er der konklusjonen i saka vil bli tatt, seier gruppeleiar for Frp i fylkestinget, Terje Søviknes.

Medan SV meiner at det er viktig at politikarar i Hordaland sender ei signaleffekt om kva utfall dei ønskjer i Taiman-saka, meiner Søviknes at slike standpunkt ikkje høyrer heime i fylkestinget.

Frp seier nei

– Det er verken fylkestinget si rolle, oppgåve eller kompetanseområde. Slike standpunkt går utover vårt mandat som fylkespolitikarar, seier han.

Heller ikkje Frp i Bergen har valt å gå ut med noko støtteerklæring til Taiman, i motsetning til alle av dei andre partia i bystyret som samla sende ei klage til Utlendingsnemnda.

Like prinsippfaste har ikkje Frp alltid vore. I 2012 stilte dei seg, etter nøye vurdering, bak eit liknande forslag for å få Nathan tilbake til Bergen. Dette forslaget var også fremja av Aud Karin Oen i SV.