Byrådet i Bergen går uvisse dagar i møte, etter at eit fleirtal av bystyrepartia i Bergen i kveld har erklært mistillit mot skulebyråd Linn Kristin Engø (Ap).
Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) stilte onsdag kabinettspørsmål og sa at heile byrådet går av om det blir fleirtal for mistillit mot skulebyråden.
Det var Høgre og Frp som først torsdag kveld gjorde vedtak om at dei vil stille mistillit mot Engø i neste bystyremøte i Bergen.
Like etter klokka 19.30 gjorde SV det same, og kort tid etter også Folkeaksjonen nei til mer bompenger. Desse partia har 34 av dei 67 representantane i bystyret, og dermed fleirtal.
Bakgrunnen er den alvorlege personvernsvikten i Bergen kommune i fjor haust. I oktober 2019 blei det kjend at kommunen mellom anna hadde gitt foreldre utan foreldreansvar tilgang til opplysningar om barn gjennom mobilappen Vigilo.
Den mest alvorlege konsekvensen av app-glippen som er kjend, er at ein far med besøksforbod fekk tilsendt ein e-post med namnet på skulen barnet gjekk på.
- Les også:
– Alvorleg
Gruppeleiar Mikkel Grüner (SV) begrunner avgjerda om mistillit med alvoret i saka og at barn blei sett i fare. Han understrekar at bystyregruppa har drøfta saka på eit prinsipielt nivå.
– Store mengder persondata kom på avveie og barn blei sett i fare, seier Grüner.
FNB-leiar Trym Aafløy bekreftar at heller ikkje dei har tillit til skulebyråden.
– Vi meiner at byrådet ikkje har teke sin rolle som ansvarleg på alvor gjennom gjentatte unnlatingar som har sett innbyggarar i fare, seier Aafløy.
Fraksjonsleiar Marte Leirvåg (H) meiner heile Vigilo-prosjektet har mangla styring.
– Byrådet har ikkje hatt kontroll, seier Leirvåg.
Frps gruppeleiar Marte Monstad meiner det var grunnlag for mistillit etter å ha drøfta saka grundig.
– Høyringa har vist ei total ansvarsfråskriving, der barn og familiar er sett i fare. Dessverre verkar det som om byrådet ikkje har innsett alvoret, skriv Monstad.
Byrådet varslar at dei går av
Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) bekreftar torsdag at kabinettspørsmålet står ved lag.
– Det er ikkje aktuelt for meg å ofra skulebyråden i ei sak der fleire har eit ansvar, inkludert meg sjølv, for å sitta med byrådsmakt. Her har vi eit felles ansvar og må forhalda oss til mistilliten i fellesskap, seier Valhammer til NRK.
Han legg til at han er overraska over at også SV landa på at dei ikkje har tillit.
– Byrådet hadde ein del tausheitsbelagte opplysningar som vi ikkje kunne gi i høyringa. Grüner ønska ikkje å lukke høyringa for å få den informasjonen. At han først seier nei til dette og så konkluderer med mistillit, overraskar meg, seier byrådsleiaren.
Grüner svarar at SV ikkje har stilt mistillit mot heile byrådet.
– Vi har hatt ein god og prinsipiell diskusjon om det som kom fram i Vigilo-høyringa. Valhammers kabinettspørsmål har ikkje hatt noko å seie for oss. Vi er klar over kva som kan bli utfallet, men kjem aldri til å støtte eit høgreleia byråd, seier Grüner.
Kjem ikkje til å gå frivilleg
Byrådet går ikkje av med umiddelbar verknad.
Mistillitsforslaget må fremjast i bystyret. Neste ordinære bystyremøte er 29. januar, men ei eventuell votering blir fyrst i mars.
I teorien kan difor byrådet sitte heilt til mars-møtet, sjølv om det no skulle bli fleirtal for eit mistillitsforslag mot skulebyråden.
Ei anna moglegheit er at skulebyråd Linn Kristin Engø (Ap) tek konsekvensen og går av sjølv før bystyremøtet.
Men etter det NRK erfarer, skal det ikkje vera eit tema å la Engø trekkja seg frivilleg før neste bystyremøte.
Tvert imot skal ho internt ha blitt oppmoda om ikkje å vurdera dette.