Hopp til innhold

Supporterbråk i sentrum

Rundt 60 Brann- og Vålerenga-supporterar braka saman i Bergen sentrum. I løpet av søndag ettermiddag og kveld har åtte personar blitt sett i arresten.

Mykje politi ute for å hindra casuals-bråk

Politiet i Bergen har mange patruljar ute for å skulle kunna hindra bråk mellom casuals.

Foto: Alexander Vollevik Larsen / NRK

Brann møter søndag kveld Vålerenga på Brann Stadion. Politiet melder søndag ettermiddag om bråk mellom dei to laga sine supporterar i Bergen sentrum.

– Det er nokre casuals som skaper ein del bråk i sentrum, seier operasjonsleiar Erik Gjesdal i Hordaland politidistrikt til NRK.

I 17-tida rykka fleire politipatruljer ut til området ved Sydnesplass på Høyden for å løysa opp i bråket.

– Rundt 60 supporterar var i klammeri der. Me er på staden og har fått kontakt med nokon av dei, andre har sprunge frå staden, seier Gjesdal.

Fire personar i arresten

Det blei slutt på bråket kort tid etter at politiet kom til staden, og fleire av dei innvolverte var raske med å forsvinna frå staden.

I 18-tida opplyser politiet at fire fotball-supporterar er innbrakt i arresten.

– Tre blei innbrakt i arresten etter bråket på Høyden. Me mistenker at desse hadde sentrale roller i høve bråker og vil snakka med dei. Eg har førebels ikkje oversikt over kva supporterklubb dei tilhøyrer, seier Gjesdal.

Ein bergensar i 20-åra er sett i drukkenskapsarresten etter at han i 16-tida laga bråk på ein uteplass i sentrum. Han vil bli politimeldt for ordensforstyrring.

– Veit at det kan oppstå bråk

VIF-supporterar på veg gjennom Bergen sentrum

VIF-supporterarar i Bergen sentrum søndag ettermiddag.

Foto: Alexander Vollevik Larsen / NRK

– Dei fleste av supporterane som har vore i sentrum i ettermiddag er no på veg til stadion, seier operasjonsleiaren like over kl. 18.

Då Vålerenga-supporterar gjekk gjennom byen for å komma seg til bussar dei skulle ta blei dei følgd av bergenspolitiet.

– Me veit erfaringsmessig at dette er ein kamp det kan oppstå bråk i tilknyting til. Me har difor lagt opp eit opplegg der me blant anna held auge med supportarar som oppheld seg i sentrum, seier Erik Gjesdal.

VIF-supporterar med politi på slep gjennom Bergen sentrum

Politiet følgjer etter VIF-supporterar som går gjennom Bergen sentrum, for å sørgja for at det ikkje opppstår bråk.

Foto: Alexander Vollevik Larsen / NRK

Fire inn til arresten etter kampslutt

Kampen på Brann Stadion starta kl. 19.00 i kveld. Politiet melder at dei har mykje folk på jobb ute i Bergen i ettermiddag og i kveld.

Etter kampslutt i 21-tida blei fire personar brakt inn til arresten etter knuffing og småslossing i Inndalsvegen mellom Brann Stadion og Bergen sentrum.

– Dei fire som blei innbrakt tidlegare i dag er no sloppe ut igjen, så det er desse fire frå Inndalsvegen me no har inne, seier operasjonsleiar Erik Gjesdal.

Ein del av Vålerenga-supporterane er no på veg over fjellet i buss og fleire andre ventar på nattoget som skal gå kl. 23.

–Det er litt støy rundt om i sentrum no, men det er stort sett berre roping, seier Gjesdal kl. 22.