Hopp til innhold

– Me må ha ein god dose flaks

Mange er i ferd med å mista trua på Brann etter at dei i går tapte for niande gong på heimebane. Fire rundar før sesongslutt ligg klubben på direkte nedrykk. – Levanger FK fryktar oss allereie, seier supporter.

Brann-supporter

SKUFFA: Supporterane var fortvila under eliteseriekampen mellom Brann og Start på Brann Stadion søndag.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Rikard Norling

HAR HÅP: Brann-trenar Rikard Norling har ikkje mista trua på at Brann held seg i eliteserien.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Svein Sakshaug og Arne Nilsen nyttar galgenhumor for å takla at Brann ligg på direkte nedrykk fire serierundar før slutt.

– Så lenge pasienten lever, så er det håp, men kor mykje håp me har vil me ikkje seie, seier Nilsen.

Bergensavisen skriv på si avisforside måndag at «Det er lov å gråte», og at Norling har mista grepet. Bergens Tidende skriv at det går «Fra vondt til verre», og at dette liknar eit styrt nedrykk.

– Oppgitt

Etter 2-1-tapet mot Start i går er mange er i ferd med å gi opp trua på at bergensklubben held seg i eliteserien.

– Eg er oppgitt, for alt går liksom imot på ein og same gong når me absolutt ikkje treng det, seier Mariell Jensen med ansiktet gøymt i det raude Brann-skjerfet.

Ho kjempar med å halde tårene tilbake.

– No må me ha ein god dose flaks, seier ho.

Full forståing

Brann-trenar Rikard Norling forstår at mange er skuffa etter tapet i går.

– Det var mykje kjensler på stadion, så det har eg full forståing for, seier han.

Sjølv har ikkje Brann-trenaren mista håpet på at laget blir i eliteserien.

– Me er alle skuffa, og når dette legg seg så kjem håpet og trua attende. Me må fortsette å jobbe hardt saman, seier han.

Tar på seg måla

Azar Karadas

SKUFFA: Azar Karadas tar på seg begge måla til motlaget i gårsdagens kamp.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Azar Karadas vart i sommar henta frå nedrykksrival Sogndal for å redda Brann. I går tok veteranen på seg skulda for baklengsmåla som gjer at fleire i Bergen mistar trua på Brann.

– I dag var eg langt frå det som eg krev av meg sjølv. For min eigen del, så tar eg på meg begge måla, seier han.

Midtstopparen mista først markeringa på 1–0 målet, før han sjølv sette inn Start sitt andre mål. Han har endå trua på at Brann held seg i eliteserien.

– Me har framleis trua på det for me ser på trening kvar dag at me har eit potensial me ikkje har klart å få ut i kamp, og me må jobbe på for å få dette ut, seier Karadas.

Fortvila stemning

FORTVILA: Det var fortvila stemning på tribunen under kampen då Brann spelte mot Start.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix