Hopp til innhold

Her trefte supplyfartøyet oljeplattforma Statfjord A

218 personar vart evakuert frå Statfjord A etter samanstøyt med supplyskip i Nordsjøen natt til fredag.

Skader på Statfjord A etter møte med supplyskip

STØYTTE SAMAN: Eit supplyskip støytte saman med Statfjord A-plattforma i natt, i forbindelse med lasteoperasjonar. Biletet syner at skipet trefte ved redningsflåtane, rett under bustadkvarteret på plattforma.

Foto: Stril Hercules/Scanpix

Equinor skriv i ein pressemelding fredag morgon at supplyskipet PSV «Sjøborg» støytte saman med Statfjord A-plattforma i natt.

Kollisjonen skjedde klokka 01.55 i forbindelse med lasteoperasjonar. Av ukjent årsak kom supplyskipet ut av posisjon og seilte inn i plattforma.

Ferske bilete frå Nordsjøen som NRK har fått av Equinor, viser at skipet trefte rett under bustadkvarteret der redningsflåtane ligg.

– Statfjord A er i revisjonsstans og det var ikkje produksjon på plattforma då hendinga skjedde, seier pressetalsperson Morten Eek i Equinor til NRK.

Skader på Statfjord A etter treff

SKADER: Supplyskipet trefte plattforma ved redningsflåtane.

Foto: Stril Hercules

218 evakuert til andre plattformer

Ingen av dei 276 personane om bord på Statfjord A er skadd i kollisjonen, men 218 av dei er likevel evakuert frå plattforma med helikopter.

– Det totale skadeomfanget på plattforma blir no undersøkt. Skader på livbåtar, samt behovet for å avklara omfanget av samanstøyten, gjer at personell er flytta frå Statfjord A til nærliggande installasjonar, seier Eek.

Han fortel at det er 58 personar igjen på plattforma. Ifølge Eek tok det berre to timar og 40 minutt å evakuere 218 personar.

To søk- og redningshelikopter, samt eit helikopter frå Hovudredningssentralen har flydd folk frå Statfjord A til Statfjord B og C og Gullfaks A.

Ingen personskadar

Supplyskipet hadde 12 personar om bord og båten er på veg tilbake til land for eiga maskin. Heller ikkje her skal det vera snakk om alvorlege personskadar.

– Fartøyet «Stril Herkules» er på feltet no og avklarer skadeomfanget. Vi ser også etter eventuell oljeforureining i sjø, men så langt er ikkje det funne spor etter det, opplyser Eek.

Det er det færøyske reiarlaget Skansi Offshore som eig PSV «Sjøborg». Skipet går truleg til kai på Mongstad i Nordhordland for å undersøke eventuelle skadar på skipet.

– Ingen av dei om bord har fått skader, heldigvis. Vi har heller ikkje fått skader på skroget. Vi veit ikkje kvifor vi kom ut av posisjon og vil undersøke dette grundig. Det var ikkje dårleg vêr i området i natt, seier reiarlagssjef Jens Meinhard Rasmussen til NRK.