Hendinga i Nordsjøen skjedde på den minste av plattformene på Oseberg-feltet i natt, skriv TV 2.
Det var ein supplybåt som kolliderte med plattforma under ein operasjon i natt. Hendinga førte til at alle dei tilsette måtte gå i livbåtane, ifylgje Statoil.
Der vart dei sitjande i to timar medan dei venta på at situasjonen vart avklart.
– I samband med ein operasjon kom taket opp i undersida av plattformdekket, seier pressevakt i Statoil, Lars Kindingstad.
Det skal vere snakk om mindre materielle skader på plattforma.
Sat to timar i livbåtane og venta
Når ei ulukke skjer på plattforma går det ut ein alarm som seier at alle som ikkje har ein beredskapsfunksjon skal gå i livbåtane.
– Dette er rutine. Livbåtane er den sikraste staden på plattforma, så då blir dei verande der fram til situasjonen er avklart.
– I slike situasjonar tenker me på det verste som kan skje. Me vil vere føre var, og går heller fleire gangar i livbåtane enn me må, enn ein gong for lite, seier Kindingstad.
Vert granska
Plattforma har rutinemessig kontakt med Hovudredningssentralen, men det var aldri snakk om nokon redningsaksjon i natt.
Statoil vil granska hendinga i natt.
– Me vil gjera ei grundig skadeevaluering, og også for å finne ut kvifor og korleis ulukka skjedde.