Hopp til innhold

Sund og Fjell seier ja - Øygarden nei

Ei innbyggarundersøking viser at det er klart fleirtal for kommunesamanslåing i Fjell og Sund. I Øygarden ønsker ikkje fleirtalet ein ny kommune.

Fjell, Sund, Øygarden

Ordførar i Sund, Kari-Anne Landro, ordførar i Øygarden, Børge Haugetun og ordførar i Fjell Marianne Sandahl Bjorøy følger spent med på resultata av undersøkinga som blei lagt fram på Sotra i dag.

Foto: EVEN NORHEIM JOHANSEN / NRK

På Sartor kino blei i dag innbyggarundersøkinga lagt fram for politikarane i dei tre kommunane.

I Fjell seier 69 prosent ja til samanslåing med Sund og Øygarden. I Sund ønsker 68 prosent av dei spurte ein ny storkommune.

I Øygarden er resultatet derimot litt annleis. Her seier berre 36 prosent ja til ein ny storkommune, medan 52 prosent seier nei.

Til saman har 2200 personar svart på undersøkinga, noko som er nok til at den blir rekna som representativt.

– Stort engasjement

– Det er eit stort engasjement i samband med kommunereforma, og det er like stort på nei- og ja-sida, seier ordførar i Øygarden Børge Haugetun.

I Øygarden har folk vore ekstra ivrige på å seia si meining.

– Det er mange som melder tilbake på at dei ventar på telefon, for dei hadde mykje å fortelja til dei som ringer rundt. Dette er noko folk i Øygarden er opptekne av.

Spørjeundersøkinga er rådgjevande, og det er opp til kommunestyra å bestemma om dei vil følgja resultata i undersøkinga.

– Det er for tidleg å konkludera med kva me landar på, me har ikkje hatt møte med forhandlingsutvalet vårt etter denne undersøkinga endå. Me merka oss at det er relativt jamt, med eit fleirtal mot, men det er også eit stort mindretal som er for samanslåing, seier Haugetun.