Hopp til innhold

Sumde sju kilometer til jobben: – Eg hata det mesteparten av turen

Det byrja som ein spøk, men torsdag morgon var Peter Bruvik klar i våtdrakt og sumde dei sju kilometerane frå kai på Askøy til jobben på Danmarksplass i Bergen.

Sumde til jobben
Foto: Jan Erik Storebø, Askøyværingen

Tidleg torsdag morgon gjer Peter Bruvik seg klar til jobb på ein litt uvanleg måte. Det som byrja som ein spøk har blitt realitet i aller høgste grad.

Den 35 år gamle mannen skal symje frå Kleppestø kai på Askøy til jobben i DNB i Bergen. Det er 6,7 kilometer. Og klokka er 06 om morgonen.

Askøyveringen var òg med på turen, og skreiv først om symjeturen.

– Det heile byrja med at kontoret skulle flytte til Danmarksplass i Bergen, der det ikkje var nok parkeringsplassar. Så byrja me snakke om alternative måtar å komme seg til jobben på. Det med symjing var jo berre ein spøk, seier Peter Bruvik.

– Eg gjer det aldri igjen

Sumde til jobb

Bruvik og kollegaen planla drikke og matpausar undervegs på den 6,7 kilometer lange symjeturen.

Foto: Jan Erik Storebø, Askøyværingen

Kollega Ørjan Karlsen stilte med følgebåt, og saman planla dei drikkepausar og matpausar undervegs. Dei rekna med at han ville bruke om lag tre timar på turen, slik at han kunne stemple inn til vanleg tid klokka 0900.

– I byrjinga gjekk det jo veldig, veldig dårleg. Frå kaien og over fjorden hadde eg planlagt å bruke ein halv time, men enda opp med å bruke ein og ein halv. Då var eg ganske langt nede.

Angra du då?

– Eg angra nesten heile turen. Dei første to timane var eit langt hat. Då tenkte eg at dette er det dummaste eg nokon gong har gjort.

Turen gjekk frå Kleppestø kai, forbi Nutec, sjøkrigsskulen, inn mot Dokken, under Puddefjordsbroen og til slutt vegen inn mot Solheimsviken.

Motteken med jubel og applaus

Då han omsider kom fram på kaien hadde ryktet spreidd seg, og hyllesta var stor. Trass i at klokka var 09.40, og han var meir enn ein halv time for sein til jobb.

– Eg var litt i ørska når eg endeleg kom fram, men der stod masse folk og klappa. Det var veldig gøy, seier Bruvik.

På spørsmål om dette er noko han vil gjenta svarer han eit kontant nei.

– Ikkje symjing, nei! Eg trur eg tek sykkelen.

Sumde til jobb

Vel framme på jobb i Bergen er Bruvik sikker på at han aldri skal symje til jobben igjen.

Foto: Jan Erik Storebø, Askøyværingen