NRK Meny
Normal

Milliardæren bomma med tusen kilometer

Den kinesiske forretningsmannen sa han var i forhandlingar om å kjøpa eigedommen Austre Adventfjord på Svalbard. No hevdar Huang Nubo at han misforstod i intervjuet med NRK.

Huang Nubo Anders Magnus

– EG MISFORSTOD: – Fjordane i det nordlege Noreg er alle så vakre, seier Huang Nubo. Han hevdar han forveksla Austre Adventfjord på Svalbard med Lyngen i Troms under intervjuet med NRKs Asia-korrespondent Anders Magnus.

Foto: NRK

Austre Adventfjord på Svalbard

TIL SALS: Austre Adventfjord på Svalbard.

– Fjordane i det nordlege Noreg er alle så vakre, seier den kinesiske forretningsmannen Huang Nubo til NRK laurdag.

I eit intervju 15. mai fortalde han om sine planar om å kjøpe eigedommen Austre Adventfjord på Svalbard for å lage ein ferielandsby for kinesarar.

No hevdar milliardæren at han trudde intervjuet handla om det tusen mål store området han er i forhandlingar om i Lyngen i Troms. I så fall har kinesaren bomma grovt - avstanden frå Lyngen til Austre Adventfjord er på rundt tusen kilometer.

Fekk spørsmåla skriftleg

Før NRK sitt intervju med den styrtrike kinesaren i Beijing, fekk Nubo alle spørsmåla skriftleg overlevert.

Spørsmålet om han var aktuell som kjøpar av Austre Adventfjord på Svalbard var konkretisert. I tillegg hadde NRKs reporter med seg bilete av eigedommen og Svalbard, og spurte også muntleg direkte om eigedommen under intervjuet.

Huang Nubo

STYRTRIK: Huang Nubo skal vera god for nesten ein milliard dollar.

Foto: Alexander F. Yuan / Ap

Det er den bergenske familien Horn som er grunneigarar av området på Svalbard. NRK har gjentatte gonger forsøkt å kontakte Henning Horn og familiens advokat, utan å lykkast.

I går gjekk advokaten deira Sveinung O. Flaaten ut og avviste at kinesaren har vore i dialog om kjøp av eigedom på Svalbard.

– Det har aldri vore noko form for kontakt med Huang Nubo, verken frå familien Horn som eig eigedommen, eller frå nokon som representerer familien, sa Flaaten.

– Eg kjenner ikkje Horn-familien

Tidlegare denne veka sa næringsminister Monica Mæland at den norske staten jobbar for å kjøpa eigedommen.

Og no hevdar altså milliardæren at han har misforstått, trass munnlege og skriftlege presiseringar av NRK sine spørsmål knytt til eigedommen på Svalbard.

– Eg kjenner ikkje Horn-familien, og vi har ikkje hatt nokon kontakt, seier Huang Nubo til NRK laurdag.

Den første meldinga om at den kinesiske forretningsmannen var interessert i land i Norge og Svalbard, kom i eit intervju med nyhendebyrået AFP.

Der seier at Nubo at planen er å investera kring 111 millionar dollar i Norge dei neste fem til ti åra. Nubo har mellom anna sponsa kunstmuseet KODE i Bergen med ti millionar kroner.

Ekspertar åtvarar

China Iceland Huang Nubo

VIL INN I NORDEN: Dette biletet er frå 2011, då den kinesiske investoren Huang Nubo presenterte planane sine for å kjøpe land og bygge på Island.

Foto: Alexander F. Yuan / Ap

Ifølge amerikanske The Forbes er Huang Nubo god for 990 millionar dollar, noko som svarar til nærare 5,9 milliardar kroner.

Fleire Kina-ekspertar åtvarar mot Huang og hans planar i Norge.

– Kina si interesse i Polhavet er heilt openberr. Dei har eit stort behov for transport av varer denne vegen i framtida, seier Juan Pablo Cardenal, som har undersøkt kinesiske investeringar i 40 ulike land.

Laster kart, vennligst vent...

LYNGEN I TROMS: Her vil Huang Nubo kjøpa eit tusen mål stort område.

Siste video

Sigrid ble onsdag tildelt den internasjonale EBBA-prisen.