Styreleiaren si dobbeltstemme sikra fleirtal for nedlegging

ODDA/HAUGESUND (NRK): Innbyggjarane i Odda har protestert i årevis. Men i dag gjekk styret i Helse Fonna inn for å leggja ned det akuttkirurgiske tilbodet ved sjukehuset.

Elever på buss til Haugesund for å redde Odda sjukehus

KJEMPAR FOR SJUKEHUSET: Mange av niandeklassingane ved Odda ungdomsskule har tysdag tatt seg fri for å vera med bussen til Haugesund og protestera mot nedlegging av det akuttkirurgiske tilbodet ved Odda sjukehus. F.v. Tuva Hilde Gravdal, Rebekka Strand og Ellen Marie Strand.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Det er jo litt dumt. Det kan jo henda at folk treng rask hjelp, og det blir veldig dumt viss det er dårleg vêr og luftambulansen ikkje kjem seg til Haugesund, sa Rebekka Strand til NRK tysdag morgon.

Ho var ein av niandeklassingane ved Odda ungdomsskule som tysdag sette seg på «protestbussen» til nettopp Haugesund, og det som blei ein utvida og oppheita samfunnsfagtime.

I Haugesund heldt Helse Fonna i dag nemleg styremøtet der dei skulle fatta vedtaket om Odda sjukehus si framtid.

– Vi får håpa Helse Fonna gjer eit fornuftig val, og ikkje legg ned akuttkirurgien i Odda. Det er viktig for oss i Odda. Vi må kjenna oss trygge, sa klassevenninna Ellen Marie Strand før møtet.

Tilhørere under styremøtet i Helse Fonna

STORT FRAMMØTE: Mange har møtt fram for å følgja styremøtet i Helse Fonna på Hotel Scandic Maritim i Haugesund tysdag.

Foto: Tale Hauso / NRK

Fryktar lange avstandar

Sjukehuset er det nest minste i landet.

Mellom anna fordi det har Trolltunga i nærleiken, og det er langt til neste sjukehus, meiner forkjemparane at tilbodet til innbyggjarane og turistar blir vesentleg svekka dersom det akuttkirurgiske tilbodet blir nedlagt.

Men mellom anna grunna mangel på kirurgar, har administrerande direktør Olav Klausen i Helse Fonna likevel bede styret vedta å leggja ned akuttkirurgien.

Styret i Helse Fonna

STYRET: Desse skal avgjera framtida for akuttkirurgien i Odda.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Vi gir oss ikkje

Det har skjedd trass i store demonstrasjonar med fleire tusen deltakarar over fleire år i kommunen med berre 7000 innbyggjarar.

– Dette er jo ei sak kor det er mange sterke meiningar. Det har jo vore eit veldig stort engasjement, som har gjort inntrykk, sa Klausen til NRK i førre veke.

Bakgrunnen for saka er helseminister Bent Høie (H) sin nye sjukehusplan. Etter at Helse Fonna har handsama saka, skal Helse Vest ta stilling til vedtaket. Blir det ståande, har Audun Lysbakken (SV) og Kjersti Toppe (Sp) varsla omkamp på Stortinget.

– Vi fryktar dette kan bli starten på slutten for Odda sjukehus. Dei er nøydde til å ha den kirurgiske kompetansen dersom det skal vera tryggleik i tilbodet, og dersom fagmiljøet skal ha berekraftig breidde, sa Toppe til NRK i førre veke.

– Viss det blir eit negativt resultat i Helse Vest, skal saka vidare til Stortinget. Vi gir oss ikkje med dette. Vi skal jobba hardt og målbevisst for å få eit godt resultat, sa John Opdal i sjukehusutvalet som er nedsett av kommunestyret i Odda før møtet.

Demonstrasjon Odda sjukehus

STORE DEMONSTRASJONAR: Folket i Odda har demonstrert mot nedlegging av akuttkirurgien fleire gongar. I samband med folkemøtet i regi av Helse Fonna 16. februar var minst tusen personar møtt fram.

Foto: Tale Hauso / NRK

Fem mot fem stemmer

Styremøtet på Hotel Scandic Maritim i Haugesund er ope for publikum, og det er altså mange som har tatt turen frå Odda.

Klokka 12.35 var tida komen for at styret skulle stemma over saka.

Styremedlem Solfrid Borge sitt framlegg om å oppretthalda akuttkirurgien fekk berre éi stemme.

Styremedlem Liv Kari Eskeland sitt framlegg om å utsetja nedlegginga fram til konsekvensane var betre utgreidde, fekk fem stemmer.

Det same fekk den opprinnelege innstillinga frå administrerande direktør Olav Klausen, rett nok med eit tillegg om at ein skal laga ein beredskapsplan før nedlegginga. Dermed blei nedlegginga vedtatt med dobbeltstemma til styreleiar Kjell Arvid Svendsen.