Hopp til innhold

– Eg må respektera avgjerda hans

Styreleiar Rolf Barmen seier Roald Bruun-Hanssen først kom til han og sa at han ønskte å trekke seg som dagleg leiar.

Rolf Barmen snakkar med pressa

SVARA PÅ SPØRSMÅL: På pressekonferansen i natt opna ikkje styreleiaren for spørsmål frå pressa. I kveld stilte både Rolf Barmen (nærast kamera) og Rikard Norling (bak) til intervju med bergenspressa.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Eg kan ikkje unne meg den luksusen det er å synast synd i verken meg sjølv eller andre

styreleiar Rolf Barmen i SK Brann

Det tok si tid, men etter over eit halvt døgn var det ekstraordinære møtet i Brann-styret over like før klokka 01.30 natt til tysdag. I dag møtte Rikard Norling pressa for første gong etter dagleg leiar Roald Bruun-Hanssen sin avgang, og også styreleiar Rolf Barmen stilte opp for å svare på spørsmål.

På pressekonferansen natt til tysdag ville ikkje styreleiaren svare på nokre spørsmål frå pressa som hadde venta utanfor stadion i fleire kalde timar.

– Vi hadde fleire hundre sider med evaluering som vi måtte gå gjennom. Det var eit tungt og krevjande arbeid. Då vart det som det vart, seier Barmen til NRK tysdag kveld.

Fortalde styreleiaren først

Styreleiaren letta ikkje mykje, men litt på sløret om dramaet som gjekk føre seg innanfor veggane på Brann Stadion måndag kveld.

– Roald Bruun-Hanssen kom først til meg og fortalde at han ønskte å trekke seg frå sin posisjon. Deretter informerte han resten av styret, seier Barmen som ikkje vil gå i detalj om når dette skjedde.

– Han hadde gjort seg sine tankar i forhold til at det ville han gjere. Når Roald fortalde meg at han trekte seg fordi han trudde det var for Brann sitt beste, då må eg respektere det, seier Barmen.

– Kan ikkje syne synd i meg sjølv

Styreleiaren presiserte på pressekonferanse i går at Bruun-Hanssen har tillit i styret.

– Betyr det at han ville vore dagleg leiar i dag, om ikkje han hadde trekt seg?

– Det blir jo eit hypotetisk spørsmål, men det vil eg anta at han hadde.

Det storma rundt Barmen for litt over ei veke sidan, då han gjekk ut og freda Bruun-Hanssen trass skandalesesongen i eliteserien. Fleire medlemmar i styret bad leiaren gå ut og trekkje tilbake utsegnene, noko han også gjorde.

Har fått kritikk

Barmen har, som Norling, jobba tett med Bruun-Hanssen.

– Er det eit tap for deg at han no trekkjer seg?

– Når Roald vedtok å trekke seg, så må eg respektere det. Då kan ikkje eg unne meg den luksusen det er å synast synd i verken meg sjølv eller andre, svarar Barmen.

Tidlegare i dag gjekk TV2-profil og Brann-kjennar Davy Wathne hardt ut mot styreleiaren. Han kallar prosessen ein «tragikomedie» og meiner Barmen har lidd eit knusande nederlag og umogleg kan bli sitjande som styreleiar.

– Er du styreleiar sesongen 2015?

– Eg er valt for to år så det må medlemmane svara endeleg på, avsluttar Rolf Barmen.