Hopp til innhold

Sturla (4 mnd.) fekk namnet sitt etter mobilavstemming

STORD (NRK): Då foreldra ikkje klarte å bestemma seg for namn til nummer fire i søskenflokken, måtte familie og vener finne fram mobilen under namnefesten.

Jostein Sydnes, Sturla og Inger Berit Hagen

UTRADISJONELT: Sturla, her mellom foreldra Jostein Sydnes og Inger Berit Hagen, fekk namnet sitt etter at gjestene i namnefesten hans fekk bestemma.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Den høgst utradisjonelle namnefesten gjekk føre seg på Stord i helga.

Berre dagar før markeringa hadde foreldra, Inger Berit Hagen og Jostein Sydnes, enno ikkje bestemt seg for kva den fire månadar gamle guten deira skulle heita.

– Vi vurderte loddtrekning og lykkehjul. Så fekk Jostein ideen om å bruke Kahoot, seier Hagen.

Brukte mobilen

Det nettbaserte programmet er dei siste åra blitt svært populært til å laga quizar i mange sosiale samanhengar.

Deltakarane brukar mobilen sin til å svare på spørsmål ved å velje eitt av fleire alternativ.

– Mange kjenner til programmet, men kanskje ikkje i dette formatet. Gjestene var ikkje førebudd på dette i det heile. Men vi hadde fire namn og lét dei få bestemma med mobilen, smiler Jostein Sydnes.

Dei fire alternativa familie og vener fekk velje mellom var: Guttorm, Ivar, Sturla og Tarald.

12 personar stemte for «Sturla» og på ein litt uvanleg måte fekk nummer fire i søskenflokken endeleg namnet sitt.

Då foreldra ikkje klarte å bestemma seg for namn til nummer fire i søskenflokken, måtte gjestene finne fram mobilen under namnefesten.

SJÅ VIDEO: Her blir namnet avgjort. Video: Jostein Sydnes.

Vant med 12 stemmer

Foreldreparet fortel at den fire månadar gamle guten så langt har gått under kallenamnet Nemo.

Det vart god stemning på namnefesten då gjestene fekk vera med å bestemma.

– Dette var ein god måte å gjera det på. Det kan verke som me ikkje bryr oss om namn, men det er vi veldig opptatt av. Etter ein lang prosess hadde vi fire fine namn vi ville la gjestene velje mellom, forsikrar Inger Berit Hagen.

– Er dette framtida?

– Det var veldig spennande i alle fall. Og for oss som no har fire barn så var det veldig greitt å få litt hjelp, avsluttar Jostein Sydnes.

Kahoot-avstemming om gutenamn på Stord

TETT KONKURRANSE: «Ivar» vart nærmaste rival med ni stemmer.

Foto: Privat