Hopp til innhold

Studentar om fadderveka: – Vert vanskeleg om du ikkje deltek

BERGEN (NRK): Den bråkete fadderveka har sin verknad, bekreftar forsking. Men alkoholbruken kan også ekskludere dei som ikkje drikk.

Tre studenter i Nygårdsparken i Bergen under fadderuken

FADDERBARN: Edvard Jonberg, Anna Westermann og Eyolf Aarø er ferske jusstudentar ved Universitetet i Bergen.

Foto: Johanna Magdalena Husebye / NRK

– Eg blei veldig letta då eg høyrde at me ikkje var overlaten til oss sjølve, seier den ferske jusstudenten Anna Westermann.

Ho sit i Nygårdsparken i Bergen, der musikken dundrar i bakgrunnen. Fadderbarn og fadrar er samla til grillfest.

Westermann bestemte seg tidleg for å aktivt ta del i fadderveka.

– Eg trur det hadde vorte vanskeleg for meg i ettertid om eg ikkje hadde vore med her, seier ho.

Forsking: Fadderveka verkar

Postdoktor Solbjørg Makalani Myrtveit ved Universitetet i Bergen bekreftar det Westermann seier. Studentar som tek del i fadderveka har lettare for å få nye vennar i det som ofte er ein ny by.

I eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Folkehelseinstituttet, Studentsamskipnaden i Bergen, og studentanes helse og triveselsundersøkelse har Myrtveit forska på fadderveka.

Funna viser at 80 prosent av studentane som deltok aktivt i fadderveka var nøgd med studentmiljøet, og fekk fleire venner enn dei som deltok lite.

– Dei som hadde delteke i fadderveka hadde fleire venner og var mindre einsame enn dei som ikkje hadde delteke. Slik sett ser fadderveka ut til å oppnå akkurat det den har som mål, seier Myrtveit.

Solbjørg Makalani Myrtveit

FORSKAR: Solbjørg Makalani Myrtveit har forska på deltakinga i fadderveka.

Foto: Anne Sidsel Herdlevær

Fadderveka kan føre til ekskludering

Forskinga er basert på svara til 2.319 førsteårsstudentar i Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø gjennom spørjeskjema på internett. Dei vart spurde om deltaking i fadderveka, deira erfaringar med studentmiljøa og fadderveka, korleis dei føla seg sosialt inkludert og alkoholbruk. Funna deira vart presentert i forskingsjournalen European Journal of Higher Education i november.

Forskinga peiker også på at studentar som drikk alkohol har ti gonger så stor sjanse for å delta i fadderveka enn studentar som ikkje drikk.

– Det ser ut som om fadderveka, med sitt fokus på alkohol, kan stå i fare for å ekskludera studentar som ikkje kan eller ikkje vil drikka alkohol, seier Myrtveit.

Vidare finn dei at dei som er med, lettare finn seg til rette og blir sosialt inkludert på den nye studieplassen.

To faddere under fadderuken i Bergen 2017

FADRAR: Sara Helgesen og Jon Agnar Leirvik blei venner i fadderveka i fjor, og meiner at ho er viktig.

Foto: Johanna Magdalena Husebye / NRK

Sara Helgesen og Jon Agnar Leirvik er fadrar i år, og møtte kvarandre då dei var fadderbarn i fjor. Dei fortel at dei har eit bevisst forhold til alkoholfrie arrangement.

– Det er alltid nokon som ikkje deltek, men eg føler at vi har klart å skapt eit miljø utan drikkepress, seier Helgesen.

Forskarane meiner at deira forsking understrekar at alkoholfrie tilbod er viktig for at studentar som ikkje drikk ikkje skal bli ekskludert frå dei nye sosiale formane.

– Det er veldig kjekt at det har vore så mykje fokus på å ha fleire arrangement som ikkje er sentrert rundt alkohol, også i fadderveka, seier Myrtveit.