Hopp til innhold

Studentar frustrerte over BI etter eksamenskrøll

Den digitale eksamenen deira krasja fullstendig før jul. No må tusenvis av BI-studentar legga frå seg PC-en og ta eksamen med penn og papir.

Amanda Jensen, student ved BI Bergen

FRUSTRERT: Amanda Jensen er oppgitt over BI som ikkje har løyst eksamensproblema som oppstod før jul.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Datasystema til Handelshøyskolen BI krasja då 2700 studentar over heile landet logga seg på for å avlegga heimeeksamen før jul.

BI beklaga feilen og lova å koma tilbake med nytt tidspunkt for eksamen når problemet var retta opp i. Men framleis er dei ikkje sikre på om alle problema er løyst.

Difor er den digitale eksamensmodellen i faget Strategi blitt skrota.

Penn og papir

Det som skulle vera ein digital heimeeksamen med alle hjelpemiddel tilgjengeleg, blir i staden ein skriftleg skuleeksamen der studentane får ta med handskrivne og trykte notat.

– Folk er frustrerte. Skulen burde hatt ei betre reserveløysing når systemet braut saman. Me betalar så ekstremt mykje pengar, og når me ikkje får det som me er lova, så blir det berre kaos, seier tredjeårsstudent ved BI i Bergen, Amanda Jensen til NRK.

Handelshøyskolen BI bergen

BERGEN: Handelshøyskolen BI på Marineholmen i Bergen.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

– Elendig informasjon

Studentane fekk før jul tilbod om å velja mellom tre datoar å avlegga ny eksamen på.

Først for to dagar sidan fekk studentane e-posten om at eksamen ikkje skal gjennomførast digitalt.

Dei elevane som er først i køen for å ta eksamen på nytt, er difor meldt opp til eksamen under ei veke etter at dei fekk beskjed om at heile eksamensmodellen var endra.

– Informasjonen har vore elendig. Fleire valte den første datoen for å legga eksamen bak seg. Men no har dei fått svært kort tid til å pugga sidan eksamensmodellen er snudd på hovudet, seier Jenny Henriksen Leita, 3.-årsstudent ved Handelshøyskolen BI i Bergen.

Åsne N. Dale, SBIO

HAR KRAV PÅ REFUSJON: Fagansvarleg Åsne N. Dale i SBIO meiner studentane som er råka har krav på kompensasjon frå BI.

Foto: SBIO Media

Krev skulepengane tilbake

No har ei gruppe studentrepresentantar ved BI i Oslo sendt ei formell klage til skuleadministrasjonen, der dei ber om refusjon av studieavgifta på grunn av «kontraktsbrot».

Representantane får støtte frå Studentforeningen ved Handelshøyskolen BI i Oslo (SBIO).

– Me stiller oss bak at studentane bør få betalt tilbake 40 prosent av kursavgifta, ettersom denne eksamen tel 40 prosent av karakteren. Endringa er svært problematisk, spesielt for studentar som oppheld seg i utlandet, seier fagansvarleg Åsne N. Dale.

Det er også aktuelt for studentane i Bergen å be om refusjon.

– Me vil stilla dei same krava som alle andre, seier Amanda Jensen.

Marius Eriksen, divisjonsdirektør for heltidsstudier BI

BEKLAGAR: Marius Eriksen, divisjonsdirektør for heiltidsstudium ved Handelshøyskolen BI.

Foto: Martin Uteng / Handelshøyskolen BI

Vurderer å gi kompensasjon

Handelshøyskolen BI beklagar på det sterkaste situasjonen som har oppstått.

Årsaka til at eksamenen skjer med penn og papir er at høgskulen ikkje er sikre på at problema som oppstod før jul er løyst.

– Me har forsøkt å informera på ein god måte, men opplever at det i denne saka kunne vore gjennomført betre, seier divisjonsdirektør for heiltidsstudium, Marius Eriksen.

Han poengterer samstundes at alle som har ynskt å endra gjennomføringsdato på bakgrunn av endra eksamensform har fått dette innvilga. Administrasjonsleiinga opnar også for at eksamenstrøbbelet kan resultera i refusjon til studentane.

– Me jobbar med å gi ei samla konklusjon til dei som har klaga. Dette gjeld også forhold knytt til eventuell kompensasjon, seier Eriksen.