Hopp til innhold

Strøbilen var der 30 minutt før det smalt – men salta ikkje

Strøbilen var ved ulukkesstaden 30 minutt før massekollisjonen i Eidsvåg på måndag, men valde ikkje å salta. – Det er gjort ei feilvurdering her, seier Statens vegvesen.

Kjedekollisjon på E39 i Eidsvåg

SVÆRT GLATT: 60 bilar var involvert i kjedekollisjonen på E39 i Eidsvåg måndag morgon. No viser den interne granskingsrapporten at strøbilen var på staden like før ulukka skjedde, men at det ikkje blei salta.

Foto: Sindre Vik Helgheim / NRK

I kveld offentleggjorde Statens vegvesen den interne granskingsrapporten etter massekollisjonen i Eidsvåg måndag morgon.

Rapporten viser at strøbilen var på staden klokka 05.58, men at sjåføren vurderte at det ikkje var trong for å legga ut meir salt. Ulukka skjedde om lag ein halv time etterpå.

– Det er ein vurdering dei har gjort der og då, i ettertid kan ein sei at det var feil, seier byggeleiar Morten Solholm i Statens vegvesen.

Nytt møte i morgon

Ifølge rapporten var det for lite salt i vegen då ulukka skjedde. Det var Stor-Bergen Vegdrift som hadde ansvaret for salting og brøyting på strekninga.

– Det har vore for lite salt i vegbana grunna utvasking. Det både sludda og regna i tida før ulukka. Det var også varierande temperatur på strekninga.

Rapporten er førebels, og Solholm seier dei har fleire spørsmål dei treng å stilla.

– Me kjem til å ha eit møte med entreprenøren i morgon for å få meir klårleik i situasjonen. Der vil me gå gjennom rapporten, og sjå den opp mot krava som ligg i kontrakten.

– Vil vera meir på vakt

Han kan ikkje seia noko om dei vil avslutta kontrakten med selskapet.

– Det er for tidleg å trekka slike konklusjonar.

– Kva trur du denne rapporten kan bidra med?

– Eg trur både entreprenøren vil vera meir på vakt, og det skal me også vera. Slik at me kan unngå at dette skjer igjen.