– Eg var på veg ned ein bakke og der forsvann alt som heiter veggrep. Lastebilen heldt jo på å skli på sjøen, men heldigvis var det ein støypekant som stoppa meg. Då var eg ikkje så høg i hatten, fortel Bjarte Rødberg.
Han har vore ute og strødd salt på vegane på Askøy sidan i går kveld.
Normalt køyrer bilane framover og har strøapparatet bak, men i natt måte Rødberg velje ein anna strategi for å komme seg fram.
– Eg har rygga nesten heile ruta mi, og har måtte strø meg fram for å ha eit visst veggrep. I natt har det vore heilt ekstremt i natt, klink is stort sett over alt. Eg har aldri vore med på liknande, fortel Rødberg.
– Måtte rygge heile ruta mi
Undervegs kom Rødberg over ein kollega i ein anna strøbil, som hadde hamna i grøfta på Berland.
– Han heldt på å tippe med lastebilen. Det er berre tilfeldig at bilen ikkje velta, han har vore griseheldig.
Det har vore spesielt utfordrande i natt fordi ein ikkje har sett kor glatt det har vore, seier Rødberg.
– Normalt ser ein at det glinsar i vegen, men slik har det ikkje vore i natt. Det har berre sett ut som at asfalten har vore blaut, men den har vore dekka av ei tynn ishinne som er veldig vanskeleg å føresjå.
Arbeidsdagen er enno ikkje ferdig for strøbilmannskapet, som har fått beskjed om å halde fram saltinga utover morgonen.