Gulating lagmannsrett har fredag dømd eksadvokaten til fengsel i to år og ti månader utan vilkår.
Det skriv Bergens Tidende.
Drevland vart dømd for grovt underslag, bedrageri og dokumentforfalsking i Bergen tingrett tidlegare i år, men statsadvokat Benedikte Høgseth anka fordi ho ikkje var nøgd med straffeutmålinga.
Tilstod
I tingretten bad Høgseth opphavleg om fengsel i tre år for eksadvokaten. Då vart Drevland dømd til fengsel i to år og seks månadar, der eitt år var på vilkår.
No får Høgseth altså nesten fullt medhald av dommarane i Gulating.
Like før saka gjekk for tingretten, innrømma Drevland all skuld. Lagmannsretten meiner tilståinga kom i seinaste laget, men Drevland har likevel fått ein strafferabatt på fire månadar
– Nøgd med dommen
– Det har vore vanskeleg for meg å forstå korleis ting kunne gå så gale som dei faktisk gjorde. Eg har levd på ei livsløgn lenge, sa Drevland då han forklara seg under rettssaka i tingretten.
Eksadvokaten er gift med bergensordførar Trude Drevland.
Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå statsadvokat Benedikte Høgseth. Til BT seier ho at ho er nøgd med dommen.
Vurderer anke
Til NRK seier forsvarar Per Magne Kristiansen at dei vurderar å anke dommen. Dei har 14 dagar på bestemme seg.
– Vi må berre ta dommen til etterretning. Tingretten gjorde ein meir heilskapleg vurdering av saka enn lagmannsretten.
– Drevland har hatt tid til å bygge seg opp før denne dommen. Så får vi ta dei fjorten dagane vi har til rådvelde for å bestemme oss om vi ankar eller ikkje, seier Kristiansen.