Hopp til innhold

– Å kreve mindre er ikkje det same som å gi

Lærarane ved ungdomsskulen i Bergen var blant dei første i landet som gjekk ut i streik. – Det var eit sjokk å høyre at situasjonen er like fastlåst som tidlegare, seier tillitsvald.

Streik

HAR STREIKA LENGST: Lærarane ved Rothaugen skole i Bergen er blant dei som har vore i streik lengst i landet. Tillitsvald Roar Ulvestad seier streikeviljen framleis er stor.

Foto: Rita Evjenth

KS fortel at dei ikkje har meir å gi, men vi lure veldig på kva det er dei har gitt. Det å krevje mindre, er ikkje det same som å gi noko

Roar Ulvestad, tillitsvald ved Rothaugen skole, Bergen

Søndag kveld vart det spent stemning då KS og Utdanningsforbundet møtte til forhandlingar. Under ein time etter start var møtet allereie over og lærarstreiken går inn i si niande veke.

– Det er skakande og det var eit sjokk å høyre at situasjonen er like fastlåst som tidlegare. Vi er litt paffe, seier tillitsvald Roar Ulvestad ved Rothaugen skole i Bergen.

Allereie 1. juli vart lærarane ved ungdomsskulen tekne ut i streik, blant dei aller første i landet. To veker ut i skuleåret er det klart at lærarstreiken held fram. Situasjonen er heilt låst og ingen forslag til løysing ligg på bordet.

Hadde forventa løysing

Rothaugen skole

EIN AV DEI FØRSTE UT I STREIK: Lærarane ved Rothaugen skole i Bergen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Ulvestad seier at det var med stor spenning at han følgde med på oppdateringane kring møtet mellom partane i konflikten søndag kveld.

– Vi hadde forventa at ein verkeleg sette seg ned saman og fekk ei løysing på dette. Og vi hadde forventa at KS bøygde av for det eine store kravet vi har hatt, seier Ulvestad og peikar på konflikten kring arbeidstidsavtalen.

Den inneber at lærarane vert pålagd å vera på skulen 7,5 time kvar dag i løpet av arbeidsveka, og at rektorane får større styring med lærarane si arbeidstid. Lærarane seier kategorisk nei til dette.

– Vi kan no konstatere at KS ikkje vil fråvika kravet om auka pålagd tilstedeværelese for lærarane. Det betyr at vi ikkje har meir å gå vidare på no. Det betyr at streiken held fram, sa leiar for Utdanningsforbundet, Ragnhild Lied til NRK etter at møtet var avslutta.

– Å krevje mindre er ikkje å gi

KS svarar på si side at det er lærarane som ryggar i forhandlingane mellom partane.

– Jo meir vi kjem lærarorganisasjonane i møte, dess meir ryggar dei. Slik kan vi aldri kome til ei løysing. Då er det ikkje lenger forhandlingar, skriv forhandlingsleiar i KS, Per Kristian Sundnes, i ei pressemelding.

Det får Ulvestad på Rothaugen skole til å riste på hovudet.

– Dei fortel at dei ikkje har meir å gi, men vi lure veldig på kva det er dei har gitt. Det å krevje mindre, er ikkje det same som å gi noko. Vi hadde forventa at dei kom i mål og at vi kan få gå på jobb igjen.

Saka held fram under biletet

Ragnhild Lied og Per Kristian Sundnes snakker med pressen

FASTLÅST SITUASJON: Ragnhild Lied i Utdanningsforbundet og Per Kristian Sundnes i KS snakkar med pressen etter at møtet vart avslutta søndag kveld.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Stor streikevilje

Sjølv om lærarane ved Rothaugen sidan starten av juli har vore i streik, seier Ulvestad at streikeviljen framleis er stor.

– Det er den. Vi ser at når vi trykke på og det ikkje skjer bevegelsar, då må vi trykke på enno meir. Det er mange gir att i girkassa.

– Men kor kritisk er situasjonen for dei eldste elevane som dette skuleåret skal ta eksamen?

– Vi lærarar har ansvaret for det lange løp og for at dei skal gå gjennom kompetansemåla i kunnskapsløftet. Dei skal vere like godt rusta til eksamen til våren som dei elles ville vore. Men det er klart det vil bli krevjande både for oss som lærarar og elevar.

Har forståing for foreldre og elevar

Etter at også barneskulane vart offer for konflikten førre veke, har problema blitt større for foreldre med fulltidsjobb og som har barn som skulle vore på skulen.

– For dei som har barn i barneskulen er situasjonen verre enn dei som er eldre og går på ungdomsskulen. Nokre foreldre må ta fri eller finne løysingar for å passe dei ungane som ikkje kan vere aleine på dagtid. Det er ein trasig situasjon vi har full forståing for.

– Men vi gjer dette for å betre situasjonen på langt sikt. vi jobbar for at elevane om ti år skal ha ein like god skule som det vi har i dag, avsluttar Ulvestad.