Hopp til innhold

Flystreiken rammar Klanen

Brann får ekstra fordelar i tribune-kampen. Mange i Klanen blir sitjande heime i Oslo framfor TV-skjermen.

Klanen
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Mens spelarane til Vålerenga reiste til Bergen i går, er det verre for mange av supporterane.

Dei skulle reisa med fly til Bergen i ettermiddag, men får store problem på grunn av flyplass-streiken.

Jan Erik Aalbu

BEKLAGELEG: Det kan bli lett match for Brann på tribunen, og det syns Vålerenga-direktøren er beklageleg.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Flyet skulle gått klokka 14

- Flyet med supporterar og representantar for klubben skulle ha gått klokka 14. Det er nok ikkje alle desse som vil kjøra buss eller bil, så då blir det å sitja framfor TV-skjermen, seier direktør Jan Erik Aalbu i Vålerenga.

- Dette er veldig beklagelig. Vi skulle gjerne hatt flest mogleg tilhengarar over til Bergen, seier Aalbu.

Han seier at dei som kjem seg til Bergen håpar å koma heim att til Oslo så snart som mogleg, for eksempel med buss eller tog.

- Det er ingen som har lyst til å vera igjen i Bergen på 17. mai med buekorps, seier Aalbu til NRK.

- Vi vinner uansett

Leiaren i Bataljonen, supporterklubben til Brann, seier det er synd at mange Vålerenga-tilhengarar blir ramma av streiken.

- Det er alltid dumt når nokon blir stoppa av streik, seier leiar Frode Hellebø.

Han trur ikkje dette vil bety så veldig mykje for stemninga og styrkeforholdet på tribunen.

- Kampen på tribunen vinn vi uansett, seier Hellebø til NRK.

NETT-TV: Busstur til Bergen