NRK Meny
Normal

Streik rammar Kyst-Noreg

HSD har i alt sju ferjer ute av drift som følgje av streiken. Tysdag blir det klart om talet blir utvida. Sjå lista over streikeferjene i landet!

Ferjekø i Lavik.
Foto: Stian Sjursen / NRK

Administrerande direktør Geir Aga i HSD seier til NTB at det har stått att bilar på strekninga Halhjem-Sandvikvåg der MS Stord er teken ut i streik.

Langevåg-Buavåg-ruta er heilt ute av drift.

Aga kan også fortelja at skuleborn er komne for seint til skulen fordi ferjer har vore ute av drift.

Slik rammar streiken:

I Hordaland:

  • På strekninga Gjm.havn - Varaldsøy - Løfallstrand er rute II «Rosendal» teken ut.
  • På strekninga Bruravik - Brimnes er ei suppleringsferje teken ut.
  • På strekninga Halhjem - Våge er rute II M/F Jondal teken ut.
  • På strekninga Hufthamar - Austv.hella - Krokeide er rute II M/F Ølen teken ut.
  • På strekninga Langevåg - Buavåg er M/F Strandebarm teken ut.
  • I Sunnhordlandsbassenget er snøggbåten M/S Nordic Queen teken ut.

I Sogn og Fjordane:

  • På strekninga Manheller - Fodnes er M/S Stryn teken ut.
  • På strekninga Lavik - Oppedal er M/S Gloppen teken ut.

I Rogaland:

  • På strekninga Mortavika - Arsvågen er M/S Rennesøy teken ut.
  • På strekninga Tau - Stavanger er M/S Stavanger teken ut.

I Møre og Romsdal:

  • På rute 33A mellom Molde - Vestnes går M/F Tresfjord ut.
  • På rute 11A mellom Festøya - Solevågen går M/F Brandal ut.
  • På rute 13A mellom Ørsneset - Magerholm går M/F Ivar Aasen ut.
  • Mellom Hareid - Sulesund går rute B ut.
  • På rute 22 mellom Brattvåg - Dryna - Nordøyane går B/F Harøy ut.
  • På rute 23 mellom Langevåg - Ålesund går M/S Romsdalsfjord ut.

I Sør-Trøndelag:

  • På strekninga Flakk - Rørvik går M/S Trondheim ut.

I Nord-Trøndelag:

  • På strekninga Hofles - Geisnes - Lund går M/S Olav Duun ut.

I Nordland:

  • På strekninga Bodø - Moskenes går M/S Bodø ut.
  • På strekninga Drag - Kjøpsvik går M/S Virak ut.
  • På rute 738 Hemnesberget - Leirvika går M/S Aldra ut.
  • På strekninga Vennesund - Holm går M/S Lysningen ut.
  • På strekninga Jektvik - Kildboghavn går M/S Rødøy ut.

I Troms:

  • På strekninga Refsnes - Flesnes går M/S Hålogaland ut.
  • På strekninga Vikran - Larseng går M/S Gullesfjord ut.
  • På strekninga Harstad - Sørollnes går M/S Godfjord ut.

I Finnmark:

  • På rute 007 går M/S Renøy ut
  • På rute 026, 027 og 028 går M/S Sørøy ut.

I Akershus:

  • M/S Huldra, M/S Smørbukk og M/S Prinsessen på strekninga Oslo - Nesodden går ut.

I Østfold:

  • M/S Bastø I og M/S Bastø II på strekninga Moss - Horten går ut.

Kan bli utvida streik 20. mai

Enno er ikkje trafikken hardt ramma av ferjestreiken, men forhandlingsleiar Asbjørn Furnes i Norsk Sjøoffisersforbund seier at det tysdag morgon blir avgjort om streiken skal utvidast.

Opptrappinga vil få effekt tidlegast laurdag 20. mai.

- Me har hatt ei mindrelønsutvikling på 15% i løpet av dei ti siste åra. Vårt krav er ikkje å få dette kompensert nå, men me ønskjer ein opptrappingsplan. Me må sjå at nokre piler byrjar å peika oppover, seier Furnes til NTB.